Våg å vokse - ei helg med natur, meditasjon, psykologi og yoga
Bli med Helle og Ruth Helene til Myrkdalen 8. - 10. september for ei helg der me lar vekst handla om å få vera oss sjølve og dyrke det me har i oss.
Våg å vokse - ei helg med natur, meditasjon, psykologi og yoga
Bli med Helle og Ruth Helene til Myrkdalen for ei helg der me lar vekst handla om å få vera oss sjølve og dyrke det me har i oss.
Psykolog Ruth Helene brenn for å byggja ei bru mellom psykologiens og yogaen verden. Ruth Helene vil denne helga dele noko av kunnskapen me har om meditasjon og oppmerksomheit og korleis ein kan bruke dette til å rette fokus mot dei ressursane me allereie har i oss.
Villkvinne Helle brenn for å sette deg fri, for at du skal kunne vera ditt autentiske sjølv utan skam og tvil. Med naturen og over 20 års erfaring innan yogaens verden vil ho dela verktøy og inspirera deg til å vera nettopp den du er!
Me er så heldige at me får med oss Gongmester Amie. Amie er lidenskapeleg opptatt av alt ved naturen, elskar alle formar for ski og menneske. Ho vil inspirera deg til å finna balanse i livet, ta ein fot i bakken og kjenne etter om du er der du ynskjer å vera.
Denne helga skal me dykke inn i oss sjølv, kjenne på fellesskapet og verdien av å vere i lag. Omringa av dei vakre haustfargane i fjellet skal me gi slipp, meditere, gå på tur, puste, reflektere og bevege oss for å nevne noko. Du legg sjølvsagt opp til det du kjenner er rett for deg og deltek på dei aktivitetane du vil. Du treng ingen tidlegare erfaring for å vere med på helga.
Stad: Myrkdalen Hotel
Inkludert i prisen: Alle aktivitetar med instruktør, lunsj lørdag og søndag, samt middag lørdag
Overnatting: Bestill overnatting på hotellet i kjøpsprosessen til festivalpasset
Ta med: Yogamatte (Me har nokre til utlån) og behagelege klede.
Lørdagen skal me ut, ta med turklede og badeklede om du ynskjer å ta deg ein dypp.
PROGRAM:
Fredag:
Kl. 18.00 Varmt velkomen
Velkomst og introduksjon for fellesskapet denne helga
Workshop:
Yoga & psykologi
Gong
Soul Shake:
Dansesession til deilig musikk for deg som ikkje tek ein tidleg kveld
Lørdag:
Morgonstrekk:
Energisk Vinyasa Flow
Frukost
Natur:
Felles tur til fjells som vil innehalde meditasjon, stillheit og tilstadevere.
Lunsj:
Me et medbrakt lunsj
Middag
Workshop:
Yoga & psykologi
Intimkonsert:
Roleg akustisk konsert for dei som ikkje tek ein tidleg kveld
Søndag:
Morgonstrekk:
Energisk Vinyasa Flow
Frukost
Workshop:
Yoga & psykologi
Gong
Lunsj
Integrasjon & avskjed:
Korleis skal me ta med det me har lært heim og bruke det i kvardagen?
Takk takk takk for no
*Den grad veret tillet det vil me vera mest mogeleg ute.
Om Helle:
Helle er, som alle andre, ein evig student. Akkurat no er ho opptatt av å dykka lika djupt inn i seg sjølv som ho klarar å dykka ut i verda. Ho er utdanna pedagog, musikklærar og yogalærar og har undervist sidan 2014 på retreats, private timar, drop-in og kurs. Helle brukar seg sjølv og alle redskapa ho har samla for å skapa tryggleik til at du skal klara å droppa alle veggar du har bygd rundt deg sjøv, ta av alle maskar du har tatt på deg og finne ditt autentiske og ekte vesen. Vil du bli betre kjent med Helle? Sjå villyoga.com
Om Ruth Helene:
Ruth Helene Garmann er utdanna psykolog og yogainstruktør og har i dag 10 års erfaring som psykolog frå klinisk - og pedagogisk arbeid. Ruth Helene brenner for byggja ei bru mellom psykologiens og yogaens verden. Inspirert av positiv psykologi og Acceptance and Commitment Therapy, samt korleis ein kan bruke yogaen til å bli betre kjent med oss sjølve, så held Ruth Helene yoga og psykologi kurs. Vil du bli betre kjent med Ruth Helene? Sjå yogahagen.com
Om Amie:
Amie Helstad ble selv veldig fascinert av gongens kraft for mange år
siden, og har i flere år spilt og holdt gong -bad/lydbad. Holder timer på
AYA yoga, retreats inne / ute og privat. Blir alltid like fascinert av alle de
ulike opplevelsene en gong kan gi. Det er rått at ved å bare lytte til
gongen kan gi så stor effekt. Var tidligere aktiv idrettsutøver på ski, og
skulle ønske jeg da hadde hatt gongen som verktøy for restitusjon og
hvile. Nå jobber jeg som Trygg av Natur veileder og bruker skogen
som livsmestring arena for barn/ungdom i oppvekstsektoren. Jeg har
startet mitt eget selskap 1fotibakken med mål om å inspirere mennesker
til å ta gode valg for seg selv, finne balanse i livet og ta en fot i bakken
og kjenne etter om man er der man ønsker. Arrangerer også kurs i
Randone, Gong retreats, turer med mening og prøver å gjøre mest av
det som gjør meg glad. Amie er lidenskapelig opptatt av alt ved naturen,
elsker alle former for ski og mennesker. Gleder meg til å møte deg. Vil du bli betre kjent med Amie? Sjå 1fotibakken.no