Sykkel i Myrkdalen

10 gode grunnar til å besøka Myrkdalen i sommar

Legg du Noregsferien til Myrkdalen i sommar får du oppleva nokre av dei beste fjell- og fjordopplevingane landet har å by på.

Myrkdalen Fjellandsby ligg i  Fjord-Noreg, like ved Sognefjorden, verdskjende Nærøyfjorden og ekstremsportbygda Voss. Her står aktivitetane i kø - perfekt for dei som ynskjer ein aktiv ferie.

Bestill hotellovernatting her

1. Familievenleg terrengsykling

Sykling i Myrkdalen

Rett ved Myrkdalen Hotel ligg ein pumptrack, hopplinjer og ei tilrettelagd sykkelløype.

Rundt Myrkdalen Hotel finn du tilrettelagde sykkelløyper for born og nybyrjarar, samt ein 850 kvm stor pumptrack, som er den største av sitt slag i regionen. Like ved skibrua over rv. 13 mot Årmotslia er dei populære hopplinjene i ulike vanskegrader.

 

Les også: Familievenleg terrengsykling i MyrkdalenPumptrack i Myrkdalen

 

Tre ting du ikkje vil gå glipp av i Myrkdalen; terrengsykling, topptur og fjordtur

 

Ynskjer du å oppleva høgfjellsterreng på sykkelsetet, er grusvegane på Vikafjellet eit godt alternativ å utforska. Myrkdalen Sport & utleige har både terrengsyklar og el-syklar til utleige og dei gjev deg gjerne turtips.

Rallarvegen frå Finse til Flåm

Tips til norgesferien 2020
Opplev Rallarvegen frå fjell til fjord. 

Kva med å starta sykkelferien på Rallarvegen, frå skrint høgfjellsterreng på Finse til frodig landskap i Flåm? Denne historiske vegen som går frå Ustaoset til Flåm, vart laga av rallarane som byggja Bergensbanen på slutten av 1800-talet. Avslutt turen på historiske Fretheim Hotel, før nye sykkelopplevingar ventar i Myrkdalen, knapt ein time unna.

 

2. Fjelltur frå toppen av stolheisen

Barn-på-tur-foto-Sverre F. Hjørnevik
Ta stolheisen i juli og august

Stolheisen rett ved Myrkdalen Hotel er ope i sommarmånadane juli og august. I løpet av fem minutt blir du frakta 850 moh og herfrå er alternativa mange. For små barneføter er ein passande tur å fylgja vegen eit par km nedover til Fjellstova Vetlebotn. Ved fjellstova er det tilrettelagd for leik og aktivitetar utandørs, og her kan ein kjøpa både iskrem,kaffi, heimelaga lappar. Frå Vetlebotn kan du fylgja naturstien til Helgatun og tilbake til hotellet. Den har varierte postar for heile familien og er tilgjengeleg heile sommarhalvåret.

Ynskjer du å gå til ein fjelltopp anbefalar me Finnbunuten 1358 moh, som byr på fantasisk utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna. Eit anna, og kortare alternativ er å gå over til idylliske Mørkvesstølen. Hugs å ta eit friskt bad i dei små kulpane i elva!

 

Les også: 5 flotte stølsturar i Myrkdalen
Stølsturar
 

 

Legg ferien til Vestland og opplev det beste av norsk natur!

 

3. Unik overnatting i ei gamal løe

Tråfjosen
I tillegg til hotell og leilegheiter med sjølvhushald, kan du overnatta i ei gamal løa i Myrkdalen. 

I Myrkdalen har du sjansen til å overnatta i ei gamal løa, omgjeven av historie og vakker natur. Ein snau kilometer frå Myrkdalen Hotel ligg Tråfjosen, ein fjøs der kyr på sommarbeite vart samla og mjølka i gamle dagar. Fjøsen har stått tom i over førti år, men no blir den tatt i bruk att - som overnattingsstad for folk.

Innvendig er båsane for kyrne framleis intakte, med fine steinheller til å skilja den eine frå den andre. I sørenden er det installert ein modul der tre vaksne eller to vaksne og to born kan overnatta. Eit vindauge strekk seg mot utsynet. Det blir som eit tredimensjonalt rom, men også som eit møbel. Sett frå utsida er det det einaste som indikerer at løa har endra seg. Til ein unik overnattingsstad som du kan oppleva heile året.

Bestill overnatting i Tråfjosen

 

4. Sommarprogram

Haren Finn

Me har laga eit spennande sommerprogram med daglege aktivitetar i 6 veker. Aktivitetane er tilpassa alle aldrar og passar for heile familien. Frå kl. 10.00 - 11.30 er det gratis tilrettelegging, der ein blant anna kan bli med på skattjakt med haren Finn, Legobygging og bildebingo. Frå kl. 13.00 - 15.00 kan du bli med betalte aktivitetar som felles familiefiske med guide og utstyr i Sendedalen, nostalgileikar, jakt-dag og tips og triks på sykkel.

Les meir her

 

5. Familiefiske med guide

Aurefiske i Myrkdalen
Bli med oss på familievenleg aurefiske i sommar

Det nappar i snøret og forventningane stig - fisketur med born er ei oppleving, uansett kva utfallet blir. Kvar dag i juli og august kan heile familien bli med på aurefiske i ferskvatn - frå robåt eller i høgfjellet. Dette er ein familievenleg aktivitet med fiske og naturoppleving i fokus.

 

6. Fjellturar med fjordutsikt

Breiskrednosi
Formidabel utsikt til Nærøyfjorden. Foto: Svein Ulvund.

Verdsarvlandskapet mellom Myrkdalen og Flåm byr på fantastiske fjellturar som gjev deg både magesug og spektakulær utsikt. Tar du turen opp Breiskrednosi får du ei formidabel utsikt, 1100 meter over havet til Nærøyfjorden mot Bakkanosi og Gudvangen.

Denne turen kan ein starta ved å gå opp Rimstigen, men merk at dette er ein lang og krevjande tur som går i umerka terreng.

 

7. Et Vestland sin beste pizza

Vestlandet sin beste pizza
Den steinomnsbakte pizzaen i Restaurant Tunet er himmelsk

I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får både hotellgjestar og gjennomreisande servert den beste pizzaen i mils omkrets. Det går gjetord om pizzaen vår – lukker ein auga må ein minna seg sjølv på at ein er på eit fjellhotell i Noreg og ikkje på ein Piazza i Napoli.

 

8. Opplev Flåm og Nærøyfjorden

Opplev Flåm og Nærøyfjorden i sommeren 2020
I Flåm står opplevingane i kø

Snaue 45 minutt køyring frå Myrkdalen finn du den vesle fjordbygda Flåm inst i Aurlandsfjorden, som er velkjend for det majestetiske fjordlandskapet. Her står opplevingane i kø - nyt urørt, rå og vakker natur på eit fjordcruise, ta skandinavias lengste zipline frå toppen av verdskjende Flåmsbana, eller bli bergtatt av panoramautsikta frå Stegastein utsiktspunkt.

I Restaurant Arven på Fretheim Hotel får du tradisjonsrettar med ein moderne vri laga av lokale råvarer. Treng du påfyll mellom aktivitetane eller ynskjer du å ta med niste på tur, kan du stikka innom Flåm Bakeri for heimelaga sandwichar og andre bakevarer bakt på surdeig.

 

9. Badetur

Badeturar i Myrkdalen

Er du ein badenymfe som likar friske bad i kulpar, fossar, fjellvatn og elver? Bademoglegheitene i området rundt Myrkdalen er uendelege. Me deler perlene med deg, slik at du kan oppleva forfriskande bad i fjellvatn - perfekt etter ein fjelltur!

 

10. Besøk adrenalinbygda Voss og klatreparken

Klatrepark på Voss
Voss Klatrepark ligg kun 20 min køyring frå Myrkdalen Fjellandsby. Foto: Kyrre Wangen

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre 30 min frå Voss sentrum. Voss er ein plass mange har kjennskap til, både i inn- og utland, mykje grunna Ekstremsportveko - den største festivalen av sitt slag i verda som blir arrangert kvart år i juni. Gjennom heile sommaren kan du oppleva aktivitetane som festivalen er tufta på - kast deg ut av eit fly fleire tusen meter over bakken, fly som supermann i vindtunnelen, kjenn på kreftene i elva på ein raftingtur eller balanser frå tre til tre i klatreparken.

<% totalFilter %> filter applicerade