5. Topptur med guide
Få skreddarsydd drøymeturen i Vossafjella saman med vener og familie, på jakt etter den beste snøen eller den mest spektakulære utsikta. Uansett erfaringsnivå på gruppa, vil guiden leggja til rette for best mogleg skioppleving.
Bestill topptur med guide

6. Skiundervisning og kurs
Om du kjenner nokon som hadde hatt glede av å få finpussa skiteknikken, kan eit skikurs vera ei fin julegåve. Kva med å gje ein privatundervisning for betre flyt ned slalåmbakken?
- Skiskulen tilbyr privatundervisning på alle nivå.
- For ein som ynskjer å prøva seg på laussnø, kan eit skred- og frikøyringskurs vera aktuelt denne vinteren.
- Og dersom du kjenner nokon som kan tenkja seg å gå toppturar, men ikkje har nok kunnskap, kan toppturkurs med fokus på teknikk, vegval og sikkerheit vera ei fin gåve å gje.
- For langrennsinteresserte tilbyr me langrennskurs i skøyting, både for nybyrjarar og vidarekomne.

7. Aketur
For dei fartsglade kan ein tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen falla i smak. Dette er ein aktivitet som passar heile familien og vil garantert få fram smil og latter hjå heile gjengen.
Bestill aketur
