Tråfjosen vinter

10 sporty julegåver som ikkje går i gløymeboka

Ei oppleving som skapar gode minner er kanskje den aller beste julegåva du kan gje. Mest av alt handlar det om å gjera noko i lag, og bruka tid saman med dei du er glad i.

Me gjev deg dei beste julegåvetipsa til aktive familiemedlemar, ein sporty kjæraste eller skiglade foreldre og besteforeldre som ynskjer å ta turen til Myrkdalen på Voss.

Om du vil kan du lasta ned eit gåvekort der du kan fylla ut detaljar om gåva. Hugs å leggja ved bestillingsbekreftinga med gåvekortet.

Last ned gåvekort

Sesongkortkampanje

1. Sesongkort - Den ultimate julegåva

Å ha moglegheiten til å stå på ski gjennom heile vintersesongen må jo vera den beste gåva ein person kan få?

Sjå meir og bestill her

Ost, sider og eggum

2. Ost, sider og Eggum 

Er kjærasten eller nokon du glad i kultur og mat? Då vil billettar til Ost, sider og Eggum garantert slå ann. Billettar vert lagt ut for sal neste veke.

Les meir her

3. Hotellopphald inkludert skikort

Tenk å kunna overraska nokon du er glad i med eit fantastisk hotellopphald! Kombiner dette med fine dagar i skibakken og gje eit skikkeleg avbrekk frå kvardagen. Myrkdalen Hotel ligg fantastisk til rett ved skisenteret og har fleire gode pakkeprisar denne vinteren:

Ski og utsikt - Myrkdalen

Knalltilbod midtveke

Midt i veka kan ein få fantastiske skidagar i fred og ro. Denne pakka inkluderer overnatting på Myrkdalen Hotel, herleg frukostbuffèt og 2-dagar heiskort.

Bestill midtvekepakke

 

Snø og vinter i Myrkdalen

Skihelg med heiskort og middag

Unn nokon du er glad i ei herleg skihelg i vinter! På Myrkdalen Hotel bur dei midt i bakken og kan skli ut i nypreparerte løyper etter ein god frukost på hotellet. Heiskort og velsmakande middag er inkludert.

Bestill skihelg

Tråfjosen

Unik overnattingsoppleving

Tråfjosen -  Få ei unik overnattingsoppleving i eit gamalt fjøs, omgjeve av historie og vakker natur, sommar som vinter.
 

Bestill overnatting i Tråfjosen

 

Trugetur

4. Felles trugetur til villmarksleiren

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen.

Les meir her

5. Velsmakande matoppleving på Myrkdalen Hotel

Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet i Myrkdalen. Her er tre restaurantar med à la carte, fondue og heimelaga pizza som er vidkjend langt utanfor landegrensa. For dei matglade kan gåvekort på matoppleving i Myrkdalen vera midt i blinken.

Ta kontakt med restaurant@myrkdalenhotel.no

– Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster.

(Bergens Tidende 7. april 2022)

Restaurant Nuten

Afternoon Tea - søtsaker

6. Afternoon Tea

Kvifor ikkje spandera Afternoon Tea på nokon, etter ein kjekk dag i skibakken? Den erkebritiske tradisjonen med klirring i porselen og mat på fine fat har me også på Myrkdalen Hotel. Nyt heimelaga scones, herlege sandwicher, nydelege søtsaker og sjølvsagt masse te.

Bestill Afternoon Tea

Nuten Fondue

7. Fondue-måltid

Eit Fondue-måltid er ikkje kva som helst måltid. Dette er ei sosial og spennande matoppleving for familie og venner i Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel

Bestill Fondue

8. Skiundervisning og kurs

Om du kjenner nokon som hadde hatt glede av å få finpussa skiteknikken, kan eit skikurs vera ei fin julegåve. Kva med å gje ein privatundervisning for betre flyt ned slalåmbakken?

Skiskule

 

9. Aketur

For dei fartsglade kan ein tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen falla i smak. Dette er ein aktivitet som passar heile familien og vil garantert få fram smil og latter hjå heile gjengen.

Bestill aketur

Aketur på snowracer i Myrkdalen

 

Hundekøyring i Myrkdalen

10. Hundekøyring

Denne gåva byr på ein 4 km lang tur med hundespann i vakkert vinterlandskap, like ved Myrkdalsvatnet. Ei unik oppleving som seint vil gå i gløymeboka for familie og venegjeng.

Bestill hundekøyring