Haust i Myrkdalen

10 ting du kan gjera hjå oss i haust

Fjellet lokkar om hausten. Lufta er klår, kontrastane er store. Dette er tida for både aktivitet og ro. Høg puls og kvilepuls. Lange måltid rundt bordet og store opplevingar med familien. Her får du ti tips til kva du kan gjera hjå oss denne hausten

Unn deg ein miniferie på Myrkdalen Hotel. I perioden 1. september - 31. oktober får du 20 % rabatt ved to eller fleire netter

Bestill hausttilbodet her

1. Nyt haustfargane på ein stølstur

Mørkvesstølen

Gamle stølar i vakker vestlandsnatur er fine turmål for heile familien. I og rundt Myrkdalen ligg mange flotte stølar, og me har plukka ut fem enkle og varierte turar i området.

Les meir

2. Lær deg å bruka kart og kompass

Orientering i Myrkdalen

Er familien glad i å gå fjellturar, men har lite kunnskap om kart, målestokk, høgdekurver og kompasskurs? På finvèrsdagar går det som oftast bra, særleg om du fylgjer ein merka sti. Men på lange turar i utfordrande vèr, med variabel sikt og dårlege stiar, treng du evna til å lesa kart og bruka kompass. 

I haustferien (9. oktober) tilbyr me ein enkel innføring i bruk av kart og kompass for heile familen og sundag 10. oktober blir det kjekt orienteringsløp i Årmotslia

3. Unn deg ei god matoppleving

Restaurant Nuten

Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet i Myrkdalen. Gjennom heile året får du varierte og gode rettar basert på lokale og sesongbaserte råvarer i restaurantane våre. I tillegg har me ei rekkje arrangement denne hausten med fokus på smakfulle opplevingar.

Sjekk ut arrangementa

4. Få meistring på hesteryggen

Myrkdalen Hestesenter

Laurdag 9. og 16. oktober inviterer Myrkdalen Hestesenter til open dag. På hestesenteret, som ligg like ved Myrkdalen Fjellandsby, kan du helsa på alle dyra, vitja gardskafèen og sjølvsagt få deg ein ridetur om du ynskjer det!

5. Lad opp til skisesongen med yoga på Myrkdalen Hotel 

Yogahelg på Myrkdalen Hotel

Tradisjon tru ladar me opp til skisesongen med yogahelg på Myrkdalen Hotel. 1.-3. oktober kjem den dyktige instruktøren Karina Eline Kibsgård, ei av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga. Her blir det smakfull vegetarmat, yoga og avspenning. Alle nivå er velkomne!

Bestill her

6. Slapp av og la borna diska opp middagen

Borna sin restaurant

Tysdag 12. oktober arrangerer me "Borna sin Restaurant" på Myrkdalen Hotel. Her får borna utfalda seg på kjøkkenet ved å laga eit herleg haustinspirert måltid. Hotellet sin kjøkkensjef har sett saman ein spanande to-rettars meny og er på plass for å rettleia og gje tips undervegs. Til slutt får borna sjølvsagt servera og nyta maten saman med sine inviterte gjester. 

7. Strikk deg varm

Strikkehelg på Myrkdalen Hotel

Oktober og november er ei tid for stearinlys, hyggje innandørs og lange måltid rundt middagsbordet. Hausten er også tida mange tek fram strikketøyet og tradisjon tru arrangerer me strikkefestival på Myrkdalen Hotel siste helga i oktober. Programmet er, som vanleg, fullspekka med eit stort utval kurs, utstillarmarknad, foredrag og gode måltid. I år kjem også Dumpster Divas og avsluttar helga med konsert for oss. 

Bestill strikkehelg her

8. Leik på to hjul 

Sykling i Myrkdalen

Rundt Myrkdalen Hotel finn du tilrettelagde sykkelløyper for born og nybyrjarar, samt ein 850kvm stor pumptrack, som er den største av sitt slag i regionen. Like ved skibrua over RV13 mot Årmotslia, har me også opna ei ny hopplinje i ulike vanskegrader. Sykkelanlegget kan du nytta fritt og i haustferien kan borna ta gratis sykkelmerke og få tips av aktivitetsleiaren vår. 

Ynskjer du å oppleva høgfjellsterreng på sykkelsetet, er grusvegane på Vikafjellet eit godt alternativ å utforska. Ein annan fin tur er å sykla til Fjellstova Vetlebotn, som er ope kvar dag i haustferien. 

9. Drøym deg vekk med klirring i gamalt porselen

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel

I Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel får du oppleva den erkebritiske tradisjonen, med opphav heilt attende til 1800-talet. Her blir det klirring i gamalt porselen, heimelaga scones, sandwichar, nydelege søtsaker og masse te sjølvsagt! 

Bestill Afternoon Tea

10. Ein aktiv haustferie

El-sykling i Myrkdalen

Har du haustferie i veke 41? Myrkdalen har alt for deg som vil nyta haustferien til fjells - fjellturar, sykling, leikar, hesteridning og sjølvsagt mykje god mat og drikke. Sjekk ut det innhaldsrike programmet vårt denne veka! 

Unn deg ein miniferie på Myrkdalen Hotel. I perioden 1. september - 31. oktober får du 20 % rabatt ved to eller fleire netter

Bestill hausttilbodet her