10 tips til vinteraktivitetar utan ski
Myrkdalen er meir enn berre ski. Her får du 10 tips til kjekke vinteraktivitetar som passar når beina treng ein pause eller vêret ikkje er optimalt. Anten du er på ferie med vennegjengen eller familien, er vi sikre på at de finn noko som freistar.
1. Fartsfylt aketur i skisenteret
Kvar dag gjennom skisesongen inviterer Skiskulen til aketur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen. De tar siste heis opp slik at dykk har løypa for dykk sjølv heile vegen ned att til hotellet. Undervegs vert det servert varm drikke. Ta på vintersko, hjelm, varme klede og helst skibriller og bli med på ein fartsfylt kjelketur!
2. Huskytur – den mest eksotiske vinteraktiviteten
La beina få ein pause og la eit hundespann med energiske huskyar stå for framdrifta. I ferievekene kjem Hardanger Husky på besøk og lar deg og familien få teste køyring med hundeslede i ei 4km lang rundløype ved Myrkdalen Camping.
3. Nyt ein god kopp kaffi i Kamben
Den beste kaffien i området får du i Kamben Kafé og Bar. Her kan du også nyta enkle rettar, søtbakst og eit stort utval øl frå lokale bryggeri. Me viser også sportsendingar på TV-skjermane.
4. Stemningsfull kanefart med hest og kjerre
Kan du tenkja deg ein meir idyllisk avslutning på dagen enn å bli henta med hest med kjerre rett utanfor døra? Bli med Myrkdalen Hestesenter på kanefart i jule- eller vinterferien. Turen startar utanfor Myrkdalen Hotel og tar om lag 20 minutt.
5. Fondue - meir enn berre eit måltid
Ein annan perfekt avslutning på skidagen er å få eit unikt fondue-måltid i Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel. Det er meir enn berre eit måltid. Det er ei sosial og artig oppleving med ei litt annleis bordsete.
6. Det beste mellom fjell og fjord
Flåmsbana – ei av verdas vakraste togreiser
Når ei av verdas vakraste togturar ligg berre 45 minutt køyretur unna bør ein vel nytte sjansen? Få eit avbrekk frå skia og ta ein dagstur til Flåm. Flåmsbana har fleire daglege avgangar gjennom heile vinteren. Kanskje freistar det å hoppe av på Vatnahalsen Hotel for eit par timar med snøleik og vaffel og kakao?
Flåm & Myrkdalen buss
Med skibussen mellom Flåm & Myrkdalen er det enkelt å kombinera aktivitetar på fjellet og opplevingar ved fjorden.
Bussen går kvar helg og kvar dag i ferievekene. Eit godt val for alle som ynskjer å la bilen stå, og for tenåringar som gjerne vil på ski på eige hand.
Sjå rutetabell og bestill skibuss
Det er mogleg å kjøpa billett om bord dersom du går på bussen i Gudvangen, Haugsvik, Oppheim og Vinje.
7. Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
I Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel får du oppleva den erkebritiske tradisjonen, med opphav heilt attende til 1800-talet. Her blir det klirring i gamalt porselen, heimelaga scones, sandwichar, nydelege søtsaker og sjølvsagt masse te!
8. Grilling og bålkos i gapahuk
I helgene og kvar dag i feriane gjennom heile vintersesongen fyrer me i gong bålpanna i gapahukane. Her er det hyggeleg å samlast og grilla pølser og marshmallows. Du finn tre gapahuk i området - ved Torget, ved skogsløypa att med barneområdet og oppi bakken, like ovanfor Myrkdalsekspressen.
9. Bli med på BaseCamp på Torget
Kvar laurdag og sundag gjennom heile skisesongen og alle dagar i ferievekene vert det tilrettelagte vinteraktivitetar for familiar ute på Torget, midt i sentrum av Myrkdalen Fjellandsby. Passar perfekt som eit lite avbrekk frå skikøyring. Våre BaseCamp vertar er på plass mellom kl. 11.00 – 13.00.
10. Spel brettspel i Salto Lobby Bar
I koselege Salto Lobby Bar på hotellet er det komfortable sittegrupper. Kva er vel betre enn å slappa av med ein varm kopp kakao framfor peisen og spela god gamaldags brettspel? Finn fram vinnarinstinktet og kast terningane!