På ski i Myrkdalen

5 populære teambuilding-aktivitetar vinter

Vinterparadiset Myrkdalen på Voss er den perfekte ramma for bedrifter som ynskjer å inspirera gjengen sin med kjekke opplevingar under kurs- eller konferanseopphaldet. Les meir om dei populære teambuilding-aktivitetane Myrkdalen har å tilby.

Gjeld i perioden 1. desember - 1. mai.

 

Bestill konferansepakke innan 31. januar og få 10% rabatt!

 

  1. Mangekamp Myrkdalen

    Bål i Myrkdalen

    Gjennom fleire fysiske og mentale oppgåver må de som lag koma dykk til mål ved å samarbeida, ha tolmod, kunnskap og taktiske evner! Kvart lag må koma seg frå A til B via ulike oppdrag som til dømes minneleik, bålfyring, stompeski-stafett og geografi-oppgåver. Det heile vert avslutta med ein intens finalepost med jaktstart mellom laga.

    Pris: frå kr 475,- per pers.
    Varigheit: 1,5 - 2 timar / Passar frå 10 - 70 pers.
     

  2. Parallell slalåmrenn

    Parallell-slalåm

    Er gjengen glad i fart og spenning? Då er parallellrenn ei morosam utfordring! Me set opp ei publikumsvenleg løype tilpassa nivået på deltakarane. Konkurrer mot kvarandre, åleine eller som lag, eller berre ha det moro.

    Pris: frå kr. 350,- per pers.
    Varigheit: 1 - 2 timar / Passar frå 10 - 100 pers.

     

  3. Aketur på snowracer i skibakken

    Aketur på snowracer i Myrkdalen

    Bli med på ein fartsfylt tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen. Me tek siste tur med stolheisen, og får bakken for oss sjølv ned til hotellet. Varm drikke blir servert undervegs.

    Pris: kr. 425,- per pers.
    Varigheit: ca. 1,5 time / Passar frå 4 - 45 pers.

     

  4. Hundekøyring i Myrkdalen

    Hundekøyring i Myrkdalen

    Køyr ditt eige hundespann i vakkert vinterlandskap! To personar delar ein slede og bytar på å køyre og sitje på.

    Pris: frå kr. 750,- per pers.
    Varigheit: ca. 1 time
    Kapasitet 8 pers. per 30 min.

    På førespurnad for større grupper.

     

  5. Human Curling

    Leik dykk i snøen. Dette er ein morosam og lågterskelaktivitet der latteren sit laust. Me brukar UFO-akebrett til å senda spelarane over banen mot ein blink. Ved store grupper kan me setja opp fleire snøaktivitetar som går parallelt.

    Pris: frå kr. 475,- per pers.
    Varigheit: 1 - 2 timar / Passar frå 10 - 100 pers.

 

Ein vellykka firmatur kombinerer fagleg påfyll med morosame aktivitetar

 

Slapp av etter møtet

Når møtet er over, eller etter ein aktiv dag i frisk vinterluft, er det godt å slappa av med eit glas eller to. Og kanskje noko å bita i?

Salto Lobby Bar Myrkdalen Hotel

 

Mingletimen

Når arbeidsdagen er over er det tid for å nyta noko godt i glaset saman med gode kollegaer. Me tilbyr fingermat og ei valfri eining drikke per person.

Pris: kr. 195,- per pers.

 

Ølsmaking

Smak dykk gjennom ulike sortar øl frå lokale bryggeri . Me byr også på saftig spekemat inntil.

Pris: kr. 450,- per pers.
Varigheit: ca. 1 time
Passar frå 10 - 50 pers.

 

Ta kontakt, så skreddarsyr me ein konferanse til dykk!