5 populære teambuilding-aktivitetar vinter
Vinterparadiset Myrkdalen på Voss er den perfekte ramma for bedrifter som ynskjer å inspirera gjengen sin med kjekke opplevingar under kurs- eller konferanseopphaldet. Les meir om dei populære teambuilding-aktivitetane Myrkdalen har å tilby.
Gjeld i perioden 1. desember - 1. mai.
Bestill konferansepakke innan 31. januar og få 10% rabatt!
-
Mangekamp Myrkdalen
Gjennom fleire fysiske og mentale oppgåver må de som lag koma dykk til mål ved å samarbeida, ha tolmod, kunnskap og taktiske evner! Kvart lag må koma seg frå A til B via ulike oppdrag som til dømes minneleik, bålfyring, stompeski-stafett og geografi-oppgåver. Det heile vert avslutta med ein intens finalepost med jaktstart mellom laga.
Pris: frå kr 350,- per pers.
Varigheit: 1,5 - 2 timar / Passar frå 10 - 70 pers. -
Parallell slalåmrenn
Er gjengen glad i fart og spenning? Då er parallellrenn ei morosam utfordring! Me set opp ei publikumsvenleg løype tilpassa nivået på deltakarane. Konkurrer mot kvarandre, åleine eller som lag, eller berre ha det moro.
Pris: frå kr. 350,- per pers.
Varigheit: 1 - 2 timar / Passar frå 10 - 100 pers. -
Aketur på snowracer i skibakken
Bli med på ein fartsfylt tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen. Me tek siste tur med stolheisen, og får bakken for oss sjølv ned til hotellet. Varm drikke blir servert undervegs.
Pris: kr. 395,- per pers.
Varigheit: ca. 1,5 time / Passar frå 4 - 45 pers. -
Hundekøyring i Myrkdalen
Køyr ditt eige hundespann i vakkert vinterlandskap! To personar delar ein slede og bytar på å køyre og sitje på.
Pris: frå kr. 750,- per pers.
Varigheit: ca. 1 time
Kapasitet 8 pers. per 30 min.På førespurnad for større grupper.
-
Human Curling
Leik dykk i snøen. Dette er ein morosam og lågterskelaktivitet der latteren sit laust. Me brukar UFO-akebrett til å senda spelarane over banen mot ein blink. Ved store grupper kan me setja opp fleire snøaktivitetar som går parallelt.
Pris: frå kr. 350,- per pers.
Varigheit: 1 - 2 timar / Passar frå 10 - 100 pers.
Ein vellykka firmatur kombinerer fagleg påfyll med morosame aktivitetar
Slapp av etter møtet
Når møtet er over, eller etter ein aktiv dag i frisk vinterluft, er det godt å slappa av med eit glas eller to. Og kanskje noko å bita i?
Mingletimen
Når arbeidsdagen er over er det tid for å nyta noko godt i glaset saman med gode kollegaer. Me tilbyr fingermat og ei valfri eining drikke per person.
Pris: kr. 195,- per pers.
Ølsmaking
Smak dykk gjennom ulike sortar øl frå lokale bryggeri. Om ynskjeleg kan me også tilby saftig spekemat inntil.
Pris: kr. 350,- per pers.
kr. 160,- per pers. for spekemat
Varigheit: ca. 1 time
Passar frå 10 - 50 pers.