6 timer Privatundervisning Alpin
Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på ski eller om du allereie er god på ski, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.
- Vinter
Privatundervisning er noko alle kan ta, uansett kva nivå ein befinn seg på. Skiskulen sine skilærarar er kvalifiserte til å undervise på alle nivå, både i og utanfor løypene. Kva med å få meir ut av teknikken i ei storslalomløype, eller kva med å jobbe med teknikken utanfor løypene?
Det kan vera krevjande å læra seg å stå på ski - her lærer du enkle grunleggjande teknikkar og får tips om korleis du kan køyra skadefritt og mest mogleg økonomisk for kroppen. På denne måten kjem det store smilet på plass tidlegare!