Pumptrack i Myrkdalen.

Familievenleg terrengsykling i Myrkdalen

Er du ute etter ein aktiv sykkelferie med heile familien, er Myrkdalen plassen for deg!

I Myrkdalen finn du ein 850 kvm pumptrack, hopplinjer i ulike vanskegradar, tilrettelagt sti med ulike element, samt sykkelutleige, kurs og guida turar for både vaksne og born.

Leig syklar her

Leik deg i pumptracken

Pumptrack
Pumptracken i asfalt kan nyttast fritt gjennom heile sommaren.

Rett ved Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack i asfalt, som består av ulike formasjonar, kular og svingar. 

 

I pumptracken kan ein bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel. 

 

Med tanke på sykkel er det særs god øving å sykla pumptrack. Her får ein læra korleis ein posisjonerer seg på sykkelen, og korleis ein timer det å skapa trykk og fart utan å bruka pedalane. Dette er kjekk kunnskap og erfaring å ta med seg ut på naturlege stiar.

Alle typar syklar fungerer godt i ein pumptrack, men mange kjenner at dei får større fart og betre respons frå underlaget på ein sykkel utan demping. Døme på dette er BMX, hardtail eller ein form for dirt sykkel.

 

Sykkelløype med ulike element for born og nybyrjarar

Sykkelløype_element

I tillegg til pumptracken har me ei lita sykkelløype med to grøne og ei blå sløyfe på oppsida av hotellet. Løypa er familievenleg og passar både for born og nybyrjarar, men også for syklistar som vil øva teknikk på små element. Sykkelanlegget kan du nytta fritt gjennom heile sommaren.

 

Sykkeltilbodet i Myrkdalen er mest retta mot familiar som ynskjer ein aktiv ferie på to hjul.

 

Kjenn krafta frå ein el-sykkel

El-sykling i Myrkdalen

El-sykling er ei trend som veks for kvart år -  med god grunn. El-sykkelen gjev deg rett og slett kjensla av superkrefter og du kan sykla både lenger og fortare enn på ein vanleg sykkel. I tillegg til hardtail og fulldempa terrengsyklar har Myrkdalen Sport & Utleige el-syklar til leige på sommaren.

 

Fjellstova Vetlebotn

I Myrkdalen er eit fint turmål for familien å sykla til Fjellstova Vetlebotn. Her får du tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer, kaffi og deilige bakevarer. 

 

Ynskjer du å oppleva høgfjellsterreng på sykkelsetet, er grusvegane på Vikafjellet eit godt alternativ å utforska.

LES OGSÅ: Joar sin sykkelskule Joar sin sykkelskule

 

<% totalFilter %> filter applicerade