Familiepakker i sommar

I sommar tilbyr me overnatting på familieromma våre på Myrkdalen Hotel, samt i leilegheitene i Torggarden, der born bur heilt gratis! Frukost er inkludert.

Legg ein aktiv ferie til Myrkdalen! Bu godt på Myrkdalen Hotel eller i ei moderne leilegheit i Torggarden og gjer kjekke aktivitetar saman. Laurdag 7. juli opnar me ny barnevenleg sykkelsti rett utanfor hotellet. Løypa passar for born og nybyrjarar, men også for syklistar som vil øva teknikk på små element.   

Frå hotellet kan ein gå merka vandrestiar og me har natursti for heile familien gjennom sommaren. Stolheisen går onsdag - sundag i juli og august og me tilbyr havkajakkturar, forskjellige fisketurar og utleige av terrengsyklar. 

Aktivitetar som klatrepark, rafting og vindtunnel ligg berre ein kort køyretur unna. Plukk deg eit eventyr. Nyt det. 

Overnatting på Myrkdalen Hotel
Pris frå kr 1690,- for to vaksne i familierom - borna overnattar gratis. Frukost er inkludert

Overnatting i Torrgarden
Pris frå kr 2290,-  for to vaksne - borna overnattar gratis. Frukost er inkludert

 

 

Opplev Myrkdalen

Sommaraktivitetar

Guida flogefiske

I sommar har du ein unik sjanse til å bli med Ingvild Aurdal, ein av verdas beste kvinnelege flogefiskarar, på ein heildags guida fisketur. Ho har turar både for nybyrjarar og vidarekomne. 

Pris fra NOK 1800,-
Les meir og bestill

Guida havkajakktur i Sognefjorden

Tysdagar, fredagar og sundagar fram til 15. september kan du bli med guidar frå Outdoor Norway på nydeleg havkajakktur i Sognefjorden.

Bestill her

Vandretur til Breiskrednosi

I sommar kan du bli med på guida turar til spektakulære Breiskrednosi - 1189 meter over Nærøyfjorden!

Pris fra NOK 1290,-
Les meir