Aktivitetar utan ski

Du treng ikkje stå på ski for å ha det kjekt i Myrkdalen!

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur på snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heisen opp og får bakken for oss sjølv ned til Myrkdalen Hotel. På bestilling kvar dag. 

Velvære 
Kva er vel betre enn å avslutta skidagen med ein god massasje? Bestilling hjå Myrkdalen Hotel

Trugetur
Høyr snøen knitra under trugene og kjenn på roser i kjakane medan me traskar avgårde. På bestilling kvar dag

Kanefart
Bli med på ein stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet. Du blir henta med hest og slede foran Myrkdalen Hotel og turen tek ca 20 minutt. På bestilling kvar dag. 

Voss Vind 
Kun 30 min køyring frå Myrkdalen er vindtunnelen på Voss. Her ein oppfylla draumen om å fly og få eit minne for livet. Dette er absolutt det mest vèrsikre aktivitetstilbodet i bygda!  I alle feriar har me ei pakke som inkluderer flyging i vindtunnelen og transport Myrkdalen tur/retur. 

Vossabadet
Byt ut goggles med symjebriller! Vossabadet finn du på Voss – her er 25 meter basseng, stupebasseng, opplæringsbasseng, sklie og badstove.  I alle feriar har me ei pakke som inkluderer flyging i vindtunnelen og transport Myrkdalen – Vossabadet tur/retur.

Opplev fjorden
Den UNESCO-lista Nærøyfjorden ligg berre 45 minutt frå Myrkdalen. Opplev fjorden med stupbratte fjell og vakker vinterstemning når få andre gjer det. Ta fjordcruise eller nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar. Opplev den verdskjente Flåmsbana eller ta turen til Stegastein utsiktspunkt som tilbyr ei panoramautsikt utan sidestykke. Avslutt turen med god mat og drikke på Ægir Bryggeri.