Myrkdalen skisenter

Knalltilbod på midtvekeopphald i Myrkdalen

Er du ein av dei heldige som har fri midt i veka medan alle andre er på jobb? Som kan byta ut begrepet blåmåndag med puddermåndag? I Myrkdalen ligg alt til rette for alle som vil nyta kvardagen på ski – Midt i veka har Myrkdalen Hotel svært gode prisar på overnatting med heiskort inkludert.

Midtvekeopphald med heiskort inkludert

Bestill Knalltilbod Midtvekepakke

 

Myrkdalen Hotel ligg rett ved bakken

Myrkdalen Hotel
Myrkdalen Fjellandsby ligg i den nordlege delen av Voss herad, to små timar frå Bergen

Skisenteret ligg unikt til mellom fjell og fjord i vakker vestlandsnatur, ein halvtime frå Voss og to små timar frå Bergen.

Spenn på deg skia utanfor hotellet og skli ut i nypreparerte løyper. Her er tilbodet komplett og valmoglegheitene mange.

  • To 6-setars stolheisar
  • Tre T-krokheisar
  • Tre tallerkentrekk
  • Saktegåande rulleband for nybyrjarar og born
  • 22 løyper og parkar i varierande vanskegrad frå grønt og blått, til rødt og svart.  
  • Skiskule og Skiutleige
  • 8 serveringsstader
  • Afterski
  • 2 sportsbutikkar
  • Treningssenter

Dei 22 løypene i Myrkdalen er like bra ein vanleg tysdag som ein laurdag – trakkemaskinene er i sving kvar einaste dag. 

 

Pudder og frikøyring

Pudder og frikøyring i Myrkdalen

Terrenget rundt skisenteret er perfekt for frikøyring, og det er lett tilkomst frå heisane til store område eigna for laussnøkøyring. Berre hugs - ha skredutstyr i sekken, vit korleis du skal bruka det og fyl med på skredfarevarslinga på varsom.no.

Myrkdalen Aktiv tilbyr skred- og frikøyringskurs retta mot skikøyrarar på jakt etter laussnø frå heis og kortare toppturar. For deg som ikkje er så godt kjent i terrenget og ynskjer å oppleva spektakulær utsikt, kan du få skreddarsydd drøymeturen og bli med på guida topptur.

Om du heilt enkelt berre ynskjer å finpussa på teknikken, tilbyr Myrkdalen Aktiv sin skiskule privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.

Jobbar du turnus eller treng avveksling frå heimekontoret? Ta deg ein miniferie på Myrkdalen Hotel og få meir ut av skidagane dine!  

Bestill Knalltilbod Midtvekepakke

 

Mat og drikke når svolten meld seg

Fjellstova Vetlebotn i Myrkdalen
Fjellstova Vetlebotn er det nye tilskotet i Myrkdalen - her kan du nyta tradisjonelle rettar midt i bakken!

Anten du treng energipåfyll mellom rundane i bakken eller berre er kaffitørst finn du gode alternativ blant dei fire kaféane i Myrkdalen. Fjellstova Vetlebotn er siste tilskot, plassert ved Kari Traa-trekket midt i skisenteret. Her vert det servert tradisjonsrik mat basert på lokale råvarer.

 

Kamben Kafé og Bar - den naturlege møteplassen

Kamben Kafé og Bar

Moroa er ikkje over når siste heisturen er tatt. Den fortset på Kamben Kafé og Bar, som i vekedagane er den naturlege møteplassen etter ein fantastisk skidag. Baren byr på ein avslappa afterski-atmosfære. Her finn du eit breitt sortiment med noko godt å drikka. Kanskje ølplanke og saftig spekemat kan freista? 

Og er du sportsinteressert er det berre å setja seg godt til rette og sjå på fotballkamp eller andre sportssendingar på dei store TV-skjermane.

 

Smakfulle middagsopplevingar

Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel
I Restaurant Nuten får du smakfulle rettar laga av reine, lokale råvarer

Etter ein lang dag på ski smakar middagen på kvelden ekstra godt. På Myrkdalen Hotel finn du heile tre gode restaurantar med ulike konsept. Til felles byr alle på smakfulle rettar laga av reine, lokale råvarer. Finn din favoritt, anten det er steinovnsbakt pizza i Restaurant Tunet eller ein finare trerettar meny i Restaurant Nuten. Ynskjer du ei sosial matoppleving? Sjekk ut fondue-avdelinga på hotellet. 

– Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster.

(Bergens Tidende 7. april 2022)

Les også Frå heimekontor til bortekontor
Frå heimekontor til bortekontor

Ta ut den siste energien i langrennsløypene

Langrennsløyper i Myrkdalen
Ta på deg skia ved Myrkdalen Hotel og få opp pulsen i langrennsløypene 

Har du energi til overs kan du boltra deg i både lysløype og 30 km med langrennsløyper direkte frå fjellandsbyen. Langrennsløypene i Myrkdalen er trakka for både skøyting og klassisk langrenn, men kan òg brukast som turløyper med fjellski.

På kveldstid er løypa opplyst, men det kan vera lurt å ha med hovudlykt i bakhand.

Parker gratis ved Myrkdalen Hotel og la bilen stå under heile opphaldet – her er alt samla på ein plass.

Sov godt på Myrkdalen Hotel 

Myrkdalen Hotel
Gå ikkje glipp av verdifull tid på pudderplankane dine! 

Synk ned i ei god seng på Myrkdalen Hotel og lad opp til ein ny innhaldsrik skidag i Myrkdalen! I tillegg til standardrom har hotellet mange ulike romtypar å velgje mellom – frå familierom med gjennomgang til elegante suiter av ulik storleik.

Ynskjer du ei lita treningsøkt innandørs, er Nr1 Fitness Myrkdalen express i gangavstand frå hotellet. Det 150 kvadratmeter store treningssenteret har ope kvar dag kl. 06-23.

Bestill Knalltilbod Midtvekepakke