Årets beste havkajakktur

I sommar kan du nyta ei fjordperle i Sogn frå ein havkajakk med profesjonelle guidar frå Outdoor Norway, eit aktivitetsselskap med brei erfaring innan blant anna padling og sykling.

Aktivitetstilbydaren vart stifta av brasilianaren Marcio Franco, som har eit stort hjarta og engasjement for ekstremsportstaden Voss.  

Unike Voss

Verdsvande Marcio oppdaga Voss då han tilfeldigvis kom over eit friluftsmagasin under eit opphald på New Zealand.  Magasinet lokka med elver, fjordar og natur i verdsklasse og brasilianaren bestemte seg fort for å søkja om jobb i Noreg sin ekstremsporthovudstad. I 2011 vart han tilsett som guide hjå Voss Rafting og i 2016 tok han steget vidare og starta sitt eige firma som tilbyr guida turar og kurs innan terrengsykling, hav- og elvekajakk, samt tandem paragliding. Og lovorda om bygda let ikkje vente på seg.
- Voss er unikt i verdssamanheng. Bygda ligg midt mellom to majestetiske fjordar, her finn du krystallklåre elver, flott terreng for terrengsykling og gode forhold for paragliding. Dette er mitt paradis, seier Franco.

Utanfor allfarveg

I tillegg til å bruka nærområdet rundt Voss er Outdoor Norway oppteken av å tilby makelause turar utanfor allfarveg. Marcio, som har vokst opp i millionbyen Sao Paulo, veit kor viktig det er å koma seg vekk frå støy og dei store turistfellene.
– Fleire og fleire ynskjer å bruka ferien på å finna roen og å vera i eitt med naturen.

Eg trur menneske har eit grunnleggjande behov for sterke naturopplevingar utan støy frå store folkemengder eller andre faktorar

–Det var med dette i mente at havkajakkturen i Indre Arnafjord vart til. Eg vart svært fascinert av området då eg vitja det for fyrste gong. Denne lite besøkte fjordarmen er rett og slett ei perle som gjev deg ro i sjela frå fyrste padletak.

LES OGSÅ: Reisetips for deg som er glad i kajakk

Dagsturen som har «alt»

Havkajakkturen til Indre Arnafjord byrjar i det du set deg i bussen ved Myrkdalen Hotel. Køyreturen over Vikafjellet byr på fossar, hårnålsvingar og høgfjellsterreng, før det går nedover mot Vik og Sognefjorden. Frå Vik køyrer ein vidare inn til Framfjorden, der padlinga startar.
- Så er det berre å padla så langt ein ynskjer, nyta den storslåtte naturen og kjenna på gleda av å dela ei slik oppleving med gode vener eller familie. Me legg sjølvsagt opp turen etter kvar einskild gruppe, og finn alltid gode badeplassar for dei som vil ta eit forfriskande bad, avsluttar Franco.