Årets råaste skiferie
Dette er for skientusiastar som verkeleg vil oppleva noko utanom det vanlege. Legg den årlege venneturen til Myrkdalen og Vatnahalsen og få pudder og frikøyring i verdsklasse!
Me tilbyr skreddarsydde pakkar som kombinererer det beste av Myrkdalen og Vatnahalsen. Kontakt oss for eit uforpliktande tilbod:
kundeservice@myrkdalenhotel.no
Pudderparadiset Myrkdalen

Myrkdalen er eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg og er det mest komplette skisenteret på Vestlandet - med 22 varierte løyper, parkar og herleg frikøyringsterreng. Velpreparerte løyper og urørt pudder står høgt i kurs, og med variert terreng og fin skogskøyring har anlegget vore ein ynda plass for frikøyringsentusiastar.
Guida pudder- og toppturar

Dei dyktige guidane på skiskulen i Myrkdalen Aktiv veit til einkvar tid kvar den beste snøen er i Myrkdalen og områda rundt.
Kombiner frikøyring i Myrkdalen med spektakulære toppturar ved fjorden
Ski inn – ski ut frå Myrkdalen Hotel
I hjarta av Myrkdalen Fjellandsby finn du moderne Myrkdalen Hotel, med ski inn – ski ut tilkomst til skisenteret. Hotellet har 112 rom i ulike storleikar – frå standard rom til suiter med fleire soverom. Her finn du tre restaurantar med à la carte, fondue og heimelaga pizza/pasta, samt to barar og kafèar med gode rettar for folk i farta.
Myrkdalen Hotel Vekesopphald, inkludert 5 dagar heiskort
Er de ein stor vennegjeng kan de også bu godt i hytter og moderne leilegheiter midt i bakken. Einingane er utstyrt med alt ein treng for å laga gode måltid saman. Er de slitne etter ein lang dag på ski, kan de sjølvsagt bestilla mat frå hotellet til hytta.
Ikoniske Flåmsbana til Vatnahalsen
Etter innhaldsrike skidagar i Myrkdalen, kan du køyra 45 minutt til Flåm og ta den verdskjende Flåmsbana til Vatnahalsen. Her får du oppleva real ingeniørkunst gjennom den rå og vakre Flåmsdalen.
Me tilbyr skreddersydde pakkar som kombinererer det beste av Myrkdalen, Flåm og Vatnahalsen.
Kontakt oss for eit uforpliktande tilbod:
kundeservice@myrkdalenhotel.no
Få ei unik skioppleving på Vatnahalsen
Heilt sidan 1896 har Vatnahalsen vore eit ynda reisemål for nordmenn og europearar på jakt etter ein fristad på fjellet. Området rundt Vatnahalsen er snøsikkert, med eit variert terreng som byr på lange, fine nedkøyringar i alle himmelretningar. Når forholda tillet det kan ein køyra på ski heilt ned i dalen og ta Flåmsbana tilbake til hotellet. Kombinasjonen av tog og frikjøring i verdsklasse gjer Vatnahalsen til ei unik skioppleving.
På Vatnahalsen kan du bestilla toppturar med sertifiserte Nortindguidar.
På Vatnahalsen kan du bestilla toppturar med sertifiserte Nortindguidar (UIAGM) med lang erfaring og god formidlingsevne. Deira ynskje er å skapa unike skiopplevingar og samstundes byggja kompetanse rundt frikøyring.
Hopp på toget frå Bergen eller Oslo
Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad og det er lett å koma seg til destinasjonen. Hopp på toget frå Oslo eller Bergen, og ta buss vidare til Myrkdalen.
Å køyre frå Bergen til skisenteret er gjort på under to timar. Frå Oslo tek det ca fem timar og raskaste fjellovergangen er Hemsedalsfjellet.
Bestill skreddarsydd pakke
Me tilbyr skreddarsydde pakkar som kombinererer det beste av Myrkdalen og Vatnahalsen. Kontakt oss gjerne for eit uforpliktande tilbod på
kundeservice@myrkdalenhotel.no