Arrangement i Myrkdalen

Arrangement i Myrkdalen

Hausten blir som vanleg innhaldsrik på Myrkdalen Hotel med eit mangfald av arrangement. Her får du full oversikt over kva som skjer hjå oss framover!

Yogahelg: 1. - 3. oktober

Yogahelg

Tradisjon tru ladar me opp til skisesongen med yogahelg på Myrkdalen Hotel. 1.-3. oktober kjem den dyktige instruktøren Karina Eline Kibsgård, ei av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga. Her blir det smakfull vegetarmat, yoga, gongbad og avspenning. Alle nivå er velkomne!

Bestill yogahelg her

Haustferieprogram 8. - 17. oktober

El-sykling i Myrkdalen

Myrkdalen har alt for deg som vil nyta haustferien til fjells - fjellturar, sykling, leikar, hesteridning og sjølvsagt mykje god mat og drikke. Her får du full oversikt over alt som skjer hjå oss i haustferieveke 41!

Les meir

Myrkdøl: 16. oktober

Arrangement i Myrkdalen

Denne laurdagen i oktober kan du utforska våre lokale bryggeri sine unike smakar. Her blir det kurs, bayer-inspirert middag og sjølvsagt underhaldning!

Les meir og bestill
 

"Jeg kan ingenting om vin" - Vilt og vin i Myrkdalen: 23. oktober (UTSELD)

Jeg kan ingenting om vin

Laurdag 23. oktober kjem Merete Bø og Thomas Giertsen til Myrkdalen, duoen som for tida er i vinden med podkasten "Jeg kan ingenting om vin". Dette blir ei lærerik, morosam og smakfull oppleving utanom det vanlege!

Denne svært populære nykomaren er no utseld. 

Strikkehelg: 29. - 31. oktober

Strikkehelg på Myrkdalen Hotel

Som vanleg blir det strikkehelg siste helga i oktober. Det blir utstillarmarknad, diverse kurs, show på kvelden og mykje meir. Unn deg ein miniferie på Myrkdalen Hotel og nyt dagane med andre strikke-entusiastar! 

Sjekk ut programmet her

Smak & Tonar: 13. november 

Smak & Tonar

I år byr me på fransk mat, vin og underhaldning! Dette blir ein heilaftan med 4-rettars middag laga av mesterkokken Ørjan Johannessen, sommelier Merete Bø presenterer vinen som er utvald for kvelden og Johan Egdetveit Trio speler i Restaurant Nuten.

Bestill Smak & Tonar

Nyt førjulstida med julebord på Myrkdalen Hotel 

Julebord på Myrkdalen Hotel

Førjulstida og julebord handlar om gode matopplevingar i godt lag - med vener, kollegaer eller famile.

Tradisjon tru inviterer me til julebord på Myrkdalen Hotel og som i fjor legg me endå meir vekt på at maten og praten rundt bordet står i fokus. Den tradisjonelle julebordsbuffèen er byta ut med ein herleg 4-rettars julemiddag, laga av lokale råvarer. 

Les meir og bestill