Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slår seg saman

Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slår seg saman

Pressemelding: Flåm/Myrkdalen, 3. april, 2020

Etablerer ein av Noregs største reiselivsaktørar
Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby slår seg saman. Det fusjonerte selskapet blir ein av Noregs største reiselivsaktørar, med ein årleg omsetnad på 1 milliard kroner for alle tilknytte selskap, 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,2 millionar gjester i året. Selskapet planlegg å vekse vidare etter koronakrisa. 

- Samanslåinga er ein perfekt kombinasjon, som det er jobba med over lengre tid. Flåm er eit av verdas mest populære reisemål, med Flåmsbana og vakre Nærøyfjorden som hovudattraksjonar. Flåm har flest besøkande i sommarsesongen. Myrkdalen er ein populær vinterdestinasjon, med ein klar utviklingsstrategi innanfor det aktive heilårssegmentet, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Aurland Ressursutvikling. Hjelleflat vil halde fram som konsernsjef i det fusjonerte selskapet.

Gjennom fusjonen vert det etablert ein nasjonal reiselivsaktør, med sterk regional forankring og mål om å vere motor i ei ytterlegare utvikling av reiselivet i Noreg.

- Ein slik sterkare eigarintegrasjon er heilt naturleg for å bygge eit solid selskap som står endå sterkare i ein internasjonal marknad. Vi etablerer no ein tydeleg, heilårs reiselivsaktør, som let turistane få oppleve noko av det beste Noreg kan by på; fjord og fjell, sommar og vinter, seier Egil Svoren, styreleiar i Myrkdalen Fjellandsby AS og administrerande direktør i Schage Eiendom.

Schage Eiendom var ein av initiativtakarane til etablering av Myrkdalen Fjellandsby AS på slutten av 1990-talet, og har sidan då vore hovudeigar og pådrivar for over tre milliardar kroner i investeringar i hytter, hotell og infrastruktur.

Både Aurland Ressursutvikling AS og Myrkdalen Fjellandsby AS er hardt råka av koronakrisa. Begge selskapa har måtte permittere dei fleste tilsette grunna brå inntektssvikt. Men med svært solide og langsiktige eigarar har selskapet eit sterkt fundament for å halde fram si offensive satsing når unntakstilstanden er over.

-Vi skal vere klare til å skyte fart når samfunnet vert normalisert, og folk flest byrjar å planlegge reisene sine att. Etter denne krisa trur vi at Noreg vil stå fram som eit endå meir attraktivt reisemål. Då vil vi stille veldig sterkt i kampen for å lokke til oss turistane, seier styreleiar Sverre S. Tysland i Aurland Ressursutvikling.

Selskapet er etter fusjonen verdsett til mellom 1,5 og 2 milliardar kroner. Eigarstrukturen i Aurland Ressursutvikling vil etter samanslåinga sjå slik ut: Siva Eiendom Holding (36,5 %), Aurland Eige (30,8 %), Schage Eiendom (23,0 %) og Sogn Sparebank (9,7 %).

For meir informasjon kontakt:

Sverre S. Tysland
Styreleiar i Aurland Ressursutvikling AS
sty@kvale.no
tlf. 908 33 323

Egil Svoren
Styreleiar i Myrkdalen Fjellandsby AS og adm. dir i Schage Eiendom
es@schage.no
tlf. 900 95 075

Solrun Hjelleflat
Konsernsjef i Aurland Ressursutvikling
solrun@visitflam.com
tlf. 414 02 158

Kaia Finne
adm. dir. i Myrkdalen Fjellandsby AS
kaia.finne@myrkdalen.no
tlf. 480 66 092

Om Aurland Ressursutvikling
Aurland Ressursutvikling og tilknytte selskap har meir enn 120 heilårstilsette og om lag 250 sesongarbeidsplassar. Gjennom dotterselskap og deleigde selskap utviklar og driv selskapet reiseliv og reiselivsprodukt. Verksemda, som er lokalisert i Flåm i Aurland kommune, marknadsfører og sel reiseopplevingar i nasjonale og internasjonale marknader. Selskapet eig blant anna 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. Marknadsføring og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Flåm AS.

Om Myrkdalen Fjellandsby
Schage Eiendom var ein av initiativtakarane til etablering av Myrkdalen Fjellandsby AS på slutten av 1990 talet og har sidan då vore hovudeigar. Sidan den gongen er det bygd ca. 600 fritidsbustader, hotell, butikkar, fire restaurantar, to stolheisar og 6 skitrekk, som representerer totale investeringar på ca. 3 milliardar. Myrkdalen omset for over 250 millionar kroner årleg, derav meir enn halvparten frå eigedomsutvikling. Selskapet sysselset opp mot 200 personar og er største private arbeidsgjevar i Voss herad.

Om Schage Eiendom AS
Schage Eiendom er eit eigedomsselskap med bruttoverdiar på NOK 9,0 mrd, og ein VEK på NOK 5,5 mrd. Selskapet er involvert i utbygging og utvikling av større prosjekt innan kontor, handel, bustad og stadutvikling i Noreg. Selskapet har sidan 1998 hatt dotterselskapet Schage Real Estate i Vilnius i Litauen. Selskapet har vore hovudeigar (80%)  i Myrkdalen Fjellandsby. I tillegg er selskapet deleigar (24%) i kjøpesenterselskapet Scala Eiendom.

Schage Eiendom er eigd 50/50 av familiane Schage gjennom holdingselskapa Sollerud Holding AS og Beetle Invest AS. Selskapet har hovudkontor i Oslo.