Bornas Sykkelfestival

Velkomen til bornas sykkelfestival i Myrkdalen 7. - 8. september! Arrangementet er for alle born i alderen 6-12 år, med fokus på meistring og leik på to hjul. 

Tre aldersgrupper

Barnas sykkelfestival i Myrkdalen

Deltakarane blir delt inn i mindre grupper ut i frå alder, 6-7 år, 8-9 år og 10 - 12 år, med eit variert innhald for alle aldersgruppene. For dei to yngste gruppene blir det leik på sykkelen, diverse øvingar på den nye pumptracken vår og i sykkelløypene utanfor hotellet. 

For den eldste gruppa blir det sykkelkurs med Eirik Ulltang, som er Noregs beste innan trialsykling. Trialsykling er å sykla gjennom ei løype med mange ulike hindringar, og på kurset vil ein få gode tips for å bli betre teknisk på sykkelen og koma seg over ulike hinder. Det vert også kjekke øvingar i sykkelløypene og guida sykkeltur for denne aldersgruppa. 

Bornas sykkelritt
Sykkelfestivalen blir avslutta med bornas sykkelritt - eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Borna får startnummer på sykkelen og det vert medaljesermoni etter gjennomført ritt. 

På bornas sykkelfestival skal alle born få meistring og glede på sykkelsetet!

Felles måltid og afterbike
Laurdag 7. september blir det felles lunsj i Restaurant Tunet med pasta og pizzabuffèt på menyen. På ettermiddagen blir det afterbike i Pudder og felles middag med grilltallerken. 

Sykkelshow med Eirik Ulltang m/team

Laurdag kveld kl 18.00 blir det sykkelshow med Eirik Ulltang, Noregs beste innan sykkelgreina trialsykling. Eirik og makkeren hans er tryllekunstnarar på sykkelen og hoppar over det meste. Sjå film her 

Prisar og bestilling
Festivalpass for dei ulike aldersgruppa kostar kr 500,- per person. Heile programmet laurdag og sundag, lunsj og middag laurdag og sykkelshow med Eirik Ulltang & co er inkludert i passet. Bestill festivalpass her 

NB! Begrensa antal plassar - me har plass til 25 born per aldersgruppe. 

Sykkel og utstyr
All sykling vil i hovudsak vera på ei tilrettelagt terrengsykkeløype og asfaltert pumptrack, og alle typar syklar vil fungere her (unnateke landevegsyklar med svært glatte og smale dekk) 

Før de kjem til Myrkdalen er det fint om de sjekkar at bremsene fungerer, kjedet er olja og at det er luft i dekka.

Utleige av syklar
Myrkdalen Sport har eit lite utval terrengsyklar for born til utleige. Bestill her 

PROGRAM LAURDAG

Barnas sykkelfestival i Myrkdalen

Kl.10.00
Velkomen og sjekk av syklar
Det er viktig at borna med ein føresett kjem kl 10.00, då dei vaksne må skriva under på eit eigenerklæringsskjema før aktivitetane byrjar. 

Kl. 11.00 - 12.00
6 - 7 år: Kjekke øvingar og leik på sykkelen
8 - 9 år: Kjekke øvingar og leik på sykkelen
10 - 12 år: Diverse øvingar i sykkelløypene utanfor Myrkdalen Hotel

Kl. 12.00 – 13.30 
Felles lunsj i Restaurant Tunet: Pasta og pizzabuffèt

Kl. 14.00 - 15.00
6 - 7 år: Diverse øvingar i sykkelløypene utanfor Myrkdalen Hotel 
8- 9 år: Diverse øvingar på den nye pumptracken vår
10 - 12 år: Sykkelkurs med Eirik Ulltang

Kl. 16.30
Felles middag med grilltallerken og afterbike i Pudder Afterski
Middag blir servert kl 17.00

Kl 18.00
Sykkelshow med Eirik Ulltang & co utanfor Pudder Afterski

SUNDAG

Kl. 09.30 – 12.00
10 – 12 år: Guida sykkeltur i Myrkdalen 

Kl. 10.00  – 11.00
6 - 7 år: Diverse øvingar på den nye pumptracken vår
8 - 9 år: Diverse øvingar i sykkelløypene utanfor Myrkdalen Hotel 

Kl. 13.00 – 15.00
For alle aldersgrupper: Bornas sykkelritt- eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Utdeling av medaljar og diplomar etter gjennomført ritt.