Barnefestival med Mikkel og Mikkeline

8. - 10 mars inviterar me for fjerde gong til storslått barnefestival med Mikkel og Mikkeline! Karneval, ansiktsmaling, barnedisco, danseshow, skattejakt, pølsefest og mykje meir står på programmet.

Program

Fredag 8. mars
- Registrering på hotellet kl. 16.00 – 20.00
- Karneval på hotellet kl. 18.00 – 20.00
Det blir dans, leikar, ansiktsmaling og sjølvsagt popcorn. Me oppmodar både born og vaksne om å kle seg ut. Mikkel og Mikkeline kjem og helsar på borna.

Laurdag 9. mars
- Skattejakt kl. 11.15
- Klipp & Lim på hotellet kl. 13.00 – 15.00
- Show med Mikkel og Mikkeline på hotellet kl. 16.00
- Pølsefest på hotellet kl. 16.30
- Danseshow i Trakkemaskingarasjen kl. 19.00
"Bach goes Hiphop". Showet varar i ca 30 minutt. Rett etter showet vert det ein liten danse workshop med borna.
- Disko på hotellet kl. 20.00 – 21.30

Sundag 10. mars
- Skileik kl. 11.15 – 12.30
- Klipp & Lim på hotellet kl. 12.00 – 14.00

I tillegg tilbyr Skiskulen som vanleg rimeleg skiundervisning denne helga!

Festivalpass fredag - sundag
Born: 500 kr
Born under 2 år og vaksne: Gratis
Alle aktivitetane på barnefestivalen frå fredag - sundag er inkludert i festivalpasset.
Kjøp festivalpass eller enkeltbillett til danseshowet - "Bach goes hiphop"

Danseshow - "Bach goes hiphop"
NB - Vaksne som skal fylgja med borna på danseshowet i trakkemaskingarasjen, må kjøpa eigen billett til dette. Eldre born som berre vil sjå showet, men ikkje ta del i resten av festivalen, kan også kjøpa denne billetten. Showet kostar kr 200,- per person og er anbefalt for born over 4 år.