3. Myrkdalen Fjellandsby - anna overnatting

Adresse: Klypeteigane, 5713 Vossestrand Vis veibeskrivelse
Beliggenhet: Myrkdalen

Hytter | Myrkdalen Fjellandsby tilbyr også overnatting i utradisjonelle einingar. No har du ein unik sjanse til å overnatta i ei gamal løa, omgjeven av historie og vakker natur. Er du ute etter ei magisk oppleving er dette plassen å vera!

I skogen nedanfor Storhaugekspressen i Myrkdalen ligg Tråfjosen, ein fjøs der kyr på sommarbeite vart samla og mjølka i gamle dagar. Fjøsen har stått tom i over førti år, men no blir den tatt i bruk att - som overnattingsstad for folk.

Innvendig er båsane for kyrne framleis intakte, med fine steinheller til å skilja den eine frå den andre. I sørenden er det installert ein modul der inntil fire personar kan overnatta.

Modulen er utstyrt med enkle senger, japansk- inspirerte matter, to enkle madrasser, stearinlys og kaffikanne. NB! Tråfjosen har IKKJE innlagt vatn, straum, matvarer, vedomn eller kokemoglegheiter, Toalettfasilitetane er utedo ved sida av løa.

Nøkkel til Tråfjosen, kart over området og kanner med drikkevatn får du når du sjekkar inn på Myrkdalen Hotel. Ha difor med deg ein stor sekk med plass til drikkevatnet. Ein må ta med eigen sovepose, varme klede og mat. Ein kan også ta med stormkjøkken eller brennar for å laga mat, men av tryggleiksmessige grunnar ber me dykk om å bruka dette utandørs.

Tråfjosen ligg ca to kilometer frå Myrkdalen Hotel, retning Voss. Frå hotellet køyrer/ går du ned Myrkdalsvegen i ca 1,5 km. Ved statuen av Sjur Helgeland tek du til høgre og køyrer Helgelandsvegen til nr 35, som ligg på høgre side av vegen. Her er det skilta kvar du kan parkere bilen din. Frå bilen går du opp ein bratt traktorveg, og Tråfjosen ligg på toppen av denne traktorvegen. NB! Om vinteren er ikkje denne vegen brøyta og me anbefalar bruka truger. Dette kan leigast hjå Myrkdalen Skiskule.

Om vinteren er den lettaste tilkomsten å ta Myrkdalsekspressen til topps og stå på ski ned til botn av Storhaugekspressen. Tråfjosen ligg ca 200 meter under botnstasjonen. NB! Siste heis går kl 15.30. Vel du dette alternativet må du kjøpa heiskort i tillegg.

Fasiliteter og tjenester

Fasiliteter
24 t innsjekk

Kontaktinformasjon


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg å kontakt oss på
tlf 47 47 16 00 eller send ein e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no

Bestill hos oss

  • • Offisiell bookingside for Myrkdalen
  • • Sikker betaling
  • • Ingen bookingavgift
  • • Raskt og enkelt

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg å kontakt oss på
tlf 47 47 16 00 eller send ein e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no

Bestill hos oss

  • • Offisiell bookingside for Myrkdalen
  • • Sikker betaling
  • • Ingen bookingavgift
  • • Raskt og enkelt
Build: 23.11.2020 18:15:40, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails