Overnatting i ei gamal løa- Tråfjosen
Tråfjosen er ei gamal løe som har blitt renovert til ein stad for overnatting.
Kort om Tråfjosen
Tråfjosen er ei gamal løe som har blitt renovert til ein stad for overnatting.Innvendig i nordenden er båsane for mjølkekyr framleis intakte, medan i sørenden ligg sjølve modulen for overnatting. Dette er eit lyst rom med eit vindu som strekk seg mot det flotte utsynet. Her kan du kombinere skikøyring med å bu enkelt, men unikt, omgitt av historie, snø og vakker natur.
Tråfjosen held ein enkel standard. Her er det 2 større senger/trerammer som passar for 2 vaksne. Varme og lys får ein via kubbelys/stearinlys. Mellom dei flotte grantrea på utsida er det tilrettelagt for utedo med utsyn. Vi gjer merksam på at det ikkje er elektrisitet eller innlagt vatn.
Beliggenhet
Tråfjosen finn du godt synleg i skogen, ca 100 meter rett nedafor Storahaugsekspressen. Ski in- ski out!
Korleis koma seg dit:
1. Parkering ved Myrkalen Hotel
2. Hent ut nøkkel i resepsjonen på hotellet
3. Hent ut heiskort i Myrkdalstovo
4. Ta Myrkdalsekspressen til topps
5. Sving dykk ned løype 17(svart løype) eller 18(raud løype) til Storhaugsekspressen
Pris:
Pris frå kr 900,- for eininga (inntil 2 personar)
Tilleggsprodukta som du kan booke:
- Frukost per pers: 139,-
- Middag per pers: 129,-
- Heiskort 2 punkt per pers: 110,- per pers
Om du ynskjer 2dager på ski kan du få kjøpt dette i resepsjonen den dagen du skal sjekke inn.
Seinast innsjekk:
Kl 15.30 for å nå siste heis kl. 16.00
Tilgjengeleg frå 1. februar – 2. mai
Krav til utstyr i sekken
Liggeunderlag, pute
Vintersovepose
Eige kokeutstyr/primus
Hovudlykt
Tørr lue
Dunjakke
Tørt sett med ullundertøy
Tørre ullsokkar
Når du bestiller dette tilbudet bor du på “Myrkdalen Hotel”.