Vårstølen - Leilegheiter
Leiligheiter | Desse leilegheitene ligg kun 90 - 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Fine leilegheiter i medium prisklasse og svært god plassering til skianlegget på vinterstid.
Om leilegheitene
Dei aller fleste leilegheitene har terrasse, peis, oppvaskmaskin og vaskemaskin. Fordeling på senger er hovudsakleg eit rom med dobbeltseng, og resterande rom med familiekøyesenger. Alle leilegheiter skal ha vanleg standardinnhald på kjøkkenutstyr. Unntak førekjem.
Avstand frå Myrkdalen Hotel
90 - 270 meter
Avstand frå skiheis/trekk
30 - 200 meter. Svært god plassering til skisenteret og Myrkdalsekspressen
Byggeår
I dette området finn du leilegheitsbyggja Vårstølen, Øvre Vårstølen og Hyrtateigen. Byggjeår for desse leilegheitene er frå 2007 - 2009
Innsjekk og utsjekk
Innsjekk og utsjekk er på det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det.
Innsjekk: Frå kl 16.00
Utsjekk: Før kl 11.00
Tidleg innsjekk og sein utsjekk
Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til kundeservice@myrkdalenhotel.no
Obligatorisk utvask og leige av sengetøy
Utvask er obligatorisk på alle einingar i Myrkdalen Fjellandsby. Leige av sengetøy er også obligatorisk og kostar 150 kr per person per opphald. Handklede er inkludert i prisen.
Aldersgrense
Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby
Eksempelbilete
Dei fleste hyttene og leilegheitene i Myrkdalen Fjellandsby er privateigde – innreiinga og utstyret varierer difor frå eining til eining. Bileta viser eit lite utval av leillegheiter i denne kategorien.
Fasiliteter og tjenester
Kontaktinformasjon
i det nærliggende området
-
Årmotssteinen - LeilegheiterLeiligheiter109 mLeilegheiter med fin standard og god storleik som ligg 160 - 360 meter sør-ve...
-
Myrkdalen HotelHotell206 mMyrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlande...
-
Øvre Bygardslii - LeilegheiterLeiligheiter208 mMindre leilegheiter med fin standard som ligg i høgda i hyttefeltet - 150 til...
-
Nedre Bygardslii - LeilegheiterLeiligheiter233 mLitt mindre leilegheiter i nedre prisklasse som ligg 310 - 460 meter sør-vest...
-
Myrkdalen Hotel - LeilegheiterOvernatting, Leiligheiter269 mSentrale og moderne hotell-leilegheiter med 2 og 3 soverom i leilegheitsbyggj...
-
StudioleiligheiterLeiligheiter272 mSki inn - ski ut studioleilegheiter i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby. Leileg...