Studioleiligheiter

Adresse: Myrkdalen Fjellandsby Torggata 14, 5713 Vossestrand  vis kart
Beliggenhet: Myrkdalen

Leiligheiter | Ski inn - ski ut studioleilegheiter i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby. Leilegheitene ligg tett på Myrkdalen Hotel, skianlegget og andre fasilitetar.

Studioleilegheiter i Myrkdalsstovo
Dette er av dei fyrste leilegheitene som er bygd i Myrkdalen. Enkel standard, hybelkjøkken og eige baderom med dusj. Ligg rett ved skianlegget og Myrkdalen Hotel. Byggeår: 2006/ 2007.  (Leilegheitene vart pussa opp og bygd om i 2011)

Leilegheiter med 2 og 3 soverom
Moderne og flotte leilegheiter som vart bygd i perioden 2016 - 2019. I desse leilegheitene er det krav til møblement og utstyr, såleis er alle desse leilegheitene forhaldsvis like. Leilegheitene har terrasse, peis, oppvaskmaskin og vaskemaskin. Fordeling på senger er hovudsakleg eit rom med dobbeltseng, og resterande rom med familiekøyesenger. Alle leilegheiter har vanleg standardinnhald på kjøkkenutstyr. Leilegheitene ligg 20 - 40 meter frå Myrkdalen Hotel og skianlegget. 
Byggeår: 2016 - 2019. 

Innsjekk og utsjekk
Innsjekk og utsjekk er på det moderne fjellhotellet Myrkdalen Hotel som ligg i hjarta av fjellandsbyen. Som gjest i Myrkdalen Fjellandsby kan du nyta godt av fasilitetane på hotellet. Her er tre restaurantar, afterski og bar. Hotellet har også leikerom for dei minste og gratis WiFi om du har behov for det.
Innsjekk: Frå kl 16.00
Utsjekk: Før kl 11.00

Tidleg innsjekk og sein utsjekk
Ved ledig kapaistet er det mogleg å bestilla tidleg innsjekk og sein utsjekk til kr 100 per time. Dette kan ein ikkje bestilla online, men send gjerne ein førepurnad til [email protected]

Obligatorisk utvask og leige av sengetøy
Utvask er obligatorisk på alle einingar i Myrkdalen Fjellandsby. Leige av sengetøy og handklede er inkludert i prisen.

Aldersgrense
Det er 23 års aldersgrense for bestilling av hytter og leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby

Eksempelbilete
Dei fleste hyttene og leilegheitene i Myrkdalen Fjellandsby er privateigde – innreiinga og utstyret varierer difor frå eining til eining. Bileta viser eit lite utval av leillegheiter i denne kategorien.
 

Fasiliteter og tjenester

  • Fasiliteter
    24 timars innsjekking Balkong Kjøkkenfasilitetar TV
  • Fritidsfasiliteter på området
    Ski inn - ski ut Skiutleige Skiskule Skibakkar

Kontaktinformasjon


Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg å kontakt oss på
tlf 47 47 16 00 eller send ein e-post til [email protected]

Bestill hos oss

  • • Offisiell bookingside for Myrkdalen
  • • Sikker betaling
  • • Ingen bookingavgift
  • • Raskt og enkelt

Bestillingsassistanse

Treng du support vedrørande bestillinga di, ver venleg å kontakt oss på
tlf 47 47 16 00 eller send ein e-post til [email protected]

Bestill hos oss

  • • Offisiell bookingside for Myrkdalen
  • • Sikker betaling
  • • Ingen bookingavgift
  • • Raskt og enkelt
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Accommodation, Action: showdetails