Strikkehelg

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 23 okt 2020 - lørdag 24 okt 2020 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

Hald av helga 23. - 25. oktober - då blir det strikkehelg på Myrkdalen Hotel! Det blir utstillarmarknad, diverse kurs og mykje meir. I år har me også gleda av å visa showet "Strikk og musikk. Og dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj!

PROGRAM

FREDAG 23. OKTOBER
Kl. 18.00 – 21.30: Utstillarmarknad
Kl. 18.00: Oppstart kurs i nålefilting med Liv Marion (held fram laurdagen)
Kl. 19.00: Foredrag med Birger Berge
Kl. 20.00: Gymnastikk for strikkarar med Liv-Trude
Kl. 16.00 – 22.00: Middag i Restaurant Tunet med dessert

LAURDAG 24. OKTOBER
Kl. 09.00: Morgongym med Liv-Trude

Kurs og workshop i:
o Kl. 10.00: Hælstrikk med Marit og Elin
o Kl. 10.00: Nålefilting med Liv Marion (varar ca 2 timar, kr 250,- for materialpakke)
o Kl. 11.00: Vottestrikk med Birger Berge
o Kl. 12.00: Hælstrikk med Marit og Elin
o Kl. 13.00: Foredrag "Strikk til din kropp" med Tina frå Strikkezilla
o Kl. 14.00: Foredrag "Gull frå Ystabø" med Ruth Iris frå Ystabø Gull

Alle kurs og foredrag krev påmelding grunna smittevern. Send e-post til berit.norheim@myrkdalenhotel.no

Kl. 14.30: Hinderløype-konkurranse

Kl.15.30: Mannekengoppvisning og loddtrekning

Kl.18.30 3-rettars middag i Restaurant Nuten

Kl. 20.30: "Strikk & musikk & dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj
Leif-Per er Hildegunn sin svoger og bror til hennar fråseparerte ektemann, Per-Leif. Nettopp - Leif-Per og Per-Leif er brødre. Forvirra? Alle har dobbeltnamn på Sunnmøre - bli vant til det!

Trass i samlivsbrotet med Per-Leif, har Hildegunn ein fin-fin tone med Leif-Per, og dei to har ei lang historie når det gjeld å underhalde det norske folk. I Myrkdalen kjem dei med eit nytt show som dei har kalla Strikk & musikk - og dramatikk! Hildegunn forklarer:

​- Det er eit svært spanande konsept - som vi er heilt aleine om i den norske underhaldnings-bransjen. Først er det eit kvarter om strikking, og så er det litt musikk, og deretter er det litt strikking nok ein gong, og så enda meir musikk.
- Ja, ein er faktisk aldri i tvil om når det er musikk og når det er strikk! repliserer Leif-Per - som òg trakterer gitaren som den reinaste virtuos. Éin ting kan vi i alle fall garantere: Dette blir noko du aldri har sett før. Rett og slett ei vaskeekte ut-av-deg-sjølv-oppleving.

​Dessuten blir det som regel litt dramatikk kvar gong Hildegunn og Leif-Per er på scena. Men må ein kunne strikke for å ha glede av showet? Svaret på det er todelt og tildels vanskeleg å fatte. Det kan absolutt vere ein fordel, men det kan også vere ei svært stor ulempe. Get it? Showet er for alle, Pus! :)

SUNDAG 25. OKTOBER
Kl. 09.00: Morgongym med Liv-Trude
Gratis inngang til utstillarmarknad

PRISAR
Festivalpass fredag og laurdag: Kr 1490,-
Inkluderer inngang til messa, alle kurs og føredrag, mannekengoppvisning, pizza og pasta med dessert fredag kveld, 3-rettars middag laurdag kveld og showet "Strikk og musikk. Og dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj

Dagspass laurdag inkludert middag og show: Kr 1190,-
Inkluderer inngang til messa, alle kurs og føredrag, mannekengoppvisning, 3-rettars middag laurdag kveld og showet "Strikk og musikk. Og dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj

ÅRETS UTSTILLARAR
- Arnhild Skatvedt
- Garnsenter Voss
- Hillesvåg Ullvarefabrikk
- Husfliden Voss
- Mohairia
- Norwegian Spirit
- Strikkezilla
- Toril Revheim / A knit Story
- Ystabø Gull

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

Type aktivitet
Innandørs
Vanskelighetsgrad
Enkel
Målgruppe
Gruppe Åleine
Månad
Oktober
Prisar frå
300 NOK
Prisinformasjon
Per person
Build: 23.09.2020 19:01:06, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails