Smak & Tonar - laurdag 14. november

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Lørdag 14 nov 2020 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

I år byr me på fransk mat, vin og underhaldning! Dette blir ein heilaftan med 4-rettars middag laga av mesterkokken Ørjan Johannessen, sommelier Merete Bø presenterer vinen som er utvald for kvelden og "Fint Fransk Orkester Trio" speler i Restaurant Nuten.

PRIS
Kr 1750,- per person
4-rettars middag med vinpakke og underhaldning frå "Fint Fransk Orkester Trio" er inkludert i prisen.

DATO
Laurdag 14. november kl. 19.30 i Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel

Salto Lobby Bar er ope før og etter middagen frå kl. 17.00 - 24.00

ØRJAN JOHANNESSEN
Ørjan Johannessen er frå Austevoll i Hordaland og vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine ved Bekkjarvik Gjestgiveri. Han er to gonger kåra til Årets Kokk i Noreg, vann Bocuse d’Or Europe i 2012 og i 2015 vann han Bocuse d’Or i Lyon (VM i kokkekunst). Johannessen er ein allroundar på kjøkkenet med stor sans for lokale råvarer og tradisjonelle rettar med ein ny vri. Han er mykje ute og reiser, og vitjar mange ulike kulturar med eit mål for auga: Inspirasjon!

MERETE BØ
Sommelier Merete Bø har vore vinjournalist i Dagens Næringsliv i 13 år. Ho har skrive fleire bøker om vin, og er tidlegare nordisk mester og dobbel norgegsmester for vinkelnere.

"FINT FRANSK ORKESTER TRIO"
Trioen består av Johan Egdetveit (trekkspel), Andreas Barsnes Onarheim (gitar) og
Theodor Onarheim (kontrabass).Dei spelar mellomkrigs- swing og franske musettevalser i herleg harmoni - virtuost og særs underhaldande.

Vis mer

Bestill nå

Available on: 14.11.2020
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Målgruppe
    Par Gruppe Åleine
  • Månad
    November
  • Aldersgrense
    18 år
  • Prisar frå
    1750 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Build: 28.08.2020 17:01:56, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails