Kraftkampen 31. august

Dato: Lørdag 31 aug 2019

Kraftkampen er ein konkurranse for alle som har lyst til å utfordra seg sjølv i flott Vestlandsnatur i Myrkdalen 31. August.

Dei ulike hindera tek deg oppover i skianlegget, og du vert utfordra på både styrke, uthaldenheit og konsentrasjon. For dei som stiller på lag vil det også vera lagbygging for å få gjennomført nokre av postane.

Konkurransen startar nede ved Myrkdalsstovo der Rønnaug Nedkvitne frå Nr1 Fitness på Voss tek alle saman med på felles oppvarming.

Fyrste del av Kraftkampen går i oppoverbakke, og ein skal innom ulike hinder undervegs i løypa. Det vil stå vakter på alle postar slik at ein kan få rettleiing dersom det er behov for det. Hindera må gjennomførast etter reglane for konkurransen for å få dei godkjend.

Ein kan delta på Kraftkampen som lag (damelag, herrelag, mixed lag) eller som individuell deltakar. Individuell klasse startar fyrst og laga til slutt. Laga må sjølve sørgja for å koma fram til postane, og det vert ikkje trekt for ventetid.

Vinnarane av dei ulike klassane er dei som har komt gjennom løypa på kortast mogleg tid. Løypa er lagt opp slik at ein skal springa, løfta og koma seg over og under ulike element. Ein må rekna med å bli både andpusten, varm, kald og sliten, men ikkje verre enn at dei aller fleste med normal kondisjon klarar å gjennomføre løypa.

PRISAR
Individuell: 600 kr
Lag på tre personar: 1650 kr

REGISTRERING
Kl 10.00
Oppmøte på Myrkdalen Hotel for registrering og utdeling av startnummer frå klokka 10.00. Klokka 10.30 vert det ein pre-run gjennomgang der ein vil gå gjennom løypa post for post samt få informasjon om kva som ventar rundt på dei ulike postane.

FELLES OPPVARMING
Kl 12.45

KONKURRANSESTART
Kl. 13.00

OVERNATTING
Kontakt oss gjerne på e-post: [email protected], vis bookingbekreftelsen for Kraftkampen og få tilbod på overnatting.

Vis mer

Bestill nå

Available on: 31.08.2019
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    600 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person