Yogahelg på Myrkdalen Hotel

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 6 nov 2020 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

6.-8. november har me igjen gleda av å invitera til yogahelg på Myrkdalen Hotel med den dyktige instruktøren Karina Eline Kibsgård, som er ei av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga.

FREDAG
Kl 18 - 20: Jivamukti Open Class x Gong bad
Full pakke; chanting, filosofi, fysisk vinyasa praksis og avspenning i lydbad.

Kl 20.30: Middag

LAURDAG
Kl 09 - 11.30: Jivamukti Workshop
«Get connected» Workshop med fokus på styrke, korrekt plassering og bevisst bevegelse.

Kl 12: Lunsj

Kl 14 - 16.30: Jivamukti Workshop
«Getting the issues out of our tissues» Workshop med fokus på hofte - opnarar og bakover - bøyingar

Kl 18: Middag

Kl 20 - 21: Pranayama x Gong bad
Ei roleg avsluttande økt med pranayama (pust) og lydbad.

SUNDAG
KL 09 - 11: Jivamukti Open Class
Full pakke; chanting, filosofi, fysisk vinyasa praksis og meditasjon i ei og samme økt.

Kl 11.30: Lunsj

Kl 13 - 15: Rest & Restore x Gong bad
Ei rolig Yin/Restorative klasse med fokus på pust og avspenning i lydbad.

PRIS
1. Kr. 2950,- per person
Trerettars vegetarmiddag fredag og laurdag, vegetarlunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar er inkludert.

2. Kr. 2350,- per person
Vegetarlunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar er inkludert.

Alle nivå er velkomne! Avgrensa plassar - bestill tidleg for å sikra deg denne helga.

OM JIVAMUKTI YOGA
Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen.

OM KARINA ELINE KIBSGÅRD
Karina Eline Kibsgård har undervist yoga sidan 2008 og undervisar i dag ved ulike yogastudio i Oslo. Bakgrunnen hennar er hovudsakleg frå dans, Ashtanga Yoga og Jivamukti Yoga. Ho vart introdusert for yoga gjennom studiar ved Den Norske Balletthøyskole. I dag er Kibsgård ein av få "800h Advanced Certified" Jivamukti Yogalærarar i Skandinavia.

Vis mer

Bestill nå

Available on: 06.11.2020
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Vanskelighetsgrad
    Enkel
  • Målgruppe
    Gruppe Åleine
  • Månad
    November
  • Prisar frå
    2350 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Build: 28.08.2020 17:01:56, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails