Topptur og yogahelg 10. - 11. april

Adresse: Myrkdalen Fjellandsby, 5713 Vossestrand Dato: Lørdag 10 apr 2021 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Fjellandsby, 5713 Vossestrand

For fyrste gong arrangerer me ei helg kombinert med toppturar og yoga.

 

Bli med dyktige fjellførarar frå Tindeguide AS på jakt etter den beste snøen i eit landskap med spektakulær utsikt over fjord og fjell. Etterpå lar du musklane dine få god behandling med yogainstruktør Ruth Helene.

ÅRETS TURAR
Laurdag tek ein turen til vakre Prest og Blåskavlen ved Aurlandsfjorden 1363 moh. Området rundt Aurlandsfjorden er ein del av Nærøyfjordens landskapsvernområde som er på UNESCOS verdsarvliste. Aurlandsfjorden er en vakker fjordarm til Sognefjorden, som snirklar seg mellom stupbratte fjellsider. Turen startar frå den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet, ca 1 time køyring frå Myrkdalen. Turen er middels krevjande og passer for dei fleste som har gått litt toppturar før. Turen er ca 5.2 km lang.
Etter endt tur tek me båten tilbake til Gudvangen. På båten blir det yoga i ullundertøyet og avslapping før ein kjem tilbake til middag på hotellet.

Sundagen startar me med yoga som oppvarming før Tindeguide tek ein med ut på lokale trakter i Myrkdalen. Turen er ikkje satt endå, men det blir i fjella vest for Myrkdalen med mykje kjekk skikøyring.

OM TINDEGUIDE AS
Tindeguide AS tilbyr profesjonell veiledning i tindesport og friluftsliv. Dei fokuserer på berekraftige fjellopplevingar med læring og meistring. Dei brukar kun kompetente guidar og instruktørar. I tråd med norsk tradisjon ynskjer dei å fremja det enkle, det lokale, og det naturvenlege friluftslivet - for mektige opplevingar i ekte, norsk natur.

YOGAINSTRUKTØR Ruth Helene Garmann
Ruth Helene er psykolog og tok utdanninga si i København kor ho òg tok yogautdanning si. I dag jobbar ho som psykolog ved BUP på Voss og har blant anna yogatimar på treningssenteret Mosjonsgutane. Ruth Helene fokusera på vinyasa yoga, men er også inspirert av iyengar- og restorativ yoga, kor ein brukar utstyr som blokker, stropper og bolstera i yogaen. Du kjem garantert til å bli avslappa saman med Ruth Helene

PRISAR
Helga kostar 3800 kr som inkludera 2 dagar med skiguide, 2 timer med yoga, samt buss transport og fjordcruise.

DATO
10. - 11. april

KRAV TIL DELTAKAR
Ein må kunne køyre raud løype og kunne bruke eige topptur og skredutstyr

KRAV TIL UTSTYR
Det vi krev av utstyr er primært randonéski, sko med gåfunksjon, teleskopstavar og skifeller. Det treng ikkje vere av lettaste sort, men vi anbefaler utstyr som er tilpassa til føremålet om å gå opp og køyre ned igjen. Det er elles krav om sendar/mottakar, søkestong og spade. Ei meir detaljert utstyrsliste vil bli sendt til påmeldte deltakarar.

Om du ikkje har utstyr kan du leige det hjå Myrkdalen Skiutleige.

OVERNATTING
Myrkdalen Hotel har gode prisar på overnatting frå fredag til laurdag kun for dei som er med på arrangementet. Kodeord Topptur.

MIDDAG
Det blir lagt opp til felles middag på laurdag. Fondue med ost og kjøtt til 395 kr som du kan booka når du bestillar turen.

NB! Turane kan bli endra på kort varsel grunna vèr og føre.

Vis mer

Bestill nå

Om denne aktiviteten

Vanskelighetsgrad
Middels
Månad
April
Utstyr
Utstyr ikkje inkludert
Prisar frå
3800 NOK
Prisinformasjon
Per person
Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails