Privatundervisning Alpint
Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Dato: Torsdag 18 feb 2021 - lørdag 1 mai 2021 Vis kart
Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand
Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på ski eller om du allereie er god på ski, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.
Kjøper du skiundervisning eller kurs som finn stad i skianlegget er du garantert å få kjøpe heiskort i anlegget same dag.
Privatundervisning er noko alle kan ta, uansett kva nivå ein befinn seg på. Skiskulen sine skilærarar er kvalifiserte til å undervise på alle nivå, både i og utanfor løypene. Kva med å få meir ut av teknikken i ei storslalomløype, eller kva med å jobbe med teknikken utanfor løypene?
Det kan vera krevjande å læra seg å stå på ski - her lærer du enkle grunleggjande teknikkar og får tips om korleis du kan køyra skadefritt og mest mogleg økonomisk for kroppen. På denne måten kjem det store smilet på plass tidlegare!
UNDERVISNING
Me tilbyr undervisning i 100 minutt, 3 timar eller full dag
For born under 7 år tilbyr me også 50 minutt undervisning.
50 min (kun for born under 7 år): Frå kl 09.30 - 10.20 eller kl 13.30 - 14.20
100 min: Frå kl 09.30 - 11.10 eller kl 13.30 - 15.10
3 timar: Frå kl 09.30 - 12.30 eller kl 13.00 - 16.00
Full dag: Kl. 09.30 - 15.30
Møt opp ved skiskulen sitt kontor på torget.
FLEIRE PERSONAR?
Det er mogleg å leggja til fleire personar på same undervisning i bestillinga. Dette kostar kr 390,- per person for 100 minutt og 485,- per person for 3 timar eller kr. 525,- for full dag. Fleire personar på samme instruktør legg du ved i steg 2
NB! For å få best mogleg utbyte av undervisninga anbefalar me at dei som skal vera med på same instruksjon er på likt nivå.
UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon.
ONLINE BOOKING
Privattime kan bestillast online innan kl. 13.30 dagen før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til skiskule@myrkdalen.no
PRIVATUNDERVISNING SNOWBOARD OG LANGRENN
Skiskulen tilbyr også privatundervisning i snowboard og langrenn. Kontakt skiskulen på skiskule@myrkdalen.no for ledig kapasitet og bestilling.
Bestill nå
Om denne aktiviteten
i det nærliggende området
-
Helgatun - LeilegheiterLeiligheiter111 mModerne og fine leilegheiter med god storleik som ligg 300 - 500 meter nordau...
-
StudioleiligheiterLeiligheiter320 mSki inn - ski ut studioleilegheiter i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby. Leileg...
-
Myrkdalen Hotel - LeilegheiterOvernatting, Leiligheiter344 mSentrale og moderne hotell-leilegheiter med 2 og 3 soverom i leilegheitsbyggj...
-
Myrkdalen HotelHotell384 mMyrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlande...
-
Vårstølen - LeilegheiterLeiligheiter564 mDesse leilegheitene ligg kun 90 - 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Fine le...
-
Øvre Bygardslii - LeilegheiterLeiligheiter604 mMindre leilegheiter med fin standard som ligg i høgda i hyttefeltet - 150 til...