Bornas Sykkelfestival

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Lørdag 29 aug 2020 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

Me gjentek suksessen frå i fjor og ynskjer velkomen til bornas sykkelfestival i Myrkdalen 29. - 30. august! Arrangementet er for alle born i alderen 6-12 år, med fokus på meistring og leik på to hjul.

TRE ALDERSGRUPPER
Deltakarane blir delt inn i mindre grupper ut i frå alder, 6-7 år, 8-9 år og 10 - 12 år, med eit variert innhald for alle aldersgruppene.

BORNAS SYKKELRITT
Sykkelfestivalen blir avslutta med bornas sykkelritt - eit kjekt arrangement utan tidtaking i ei løype som alle kan gjennomføra. Borna får startnummer på sykkelen og det vert medaljesermoni etter gjennomført ritt.

SYKKELSHOW MED EIRIK ULLTANG M/TEAM
Laurdag kveld kl 18.00 blir det sykkelshow med Eirik Ulltang, Noregs beste innan sykkelgreina trialsykling. Eirik og makkeren hans er tryllekunstnarar på sykkelen og hoppar over det meste

FELLES MÅLTID & AFTERBIKE
Laurdag 29. august blir det felles lunsj og afterbike med felles middag.

PRISAR OG BESTILLING
Festivalpass for dei ulike aldersgruppa kostar kr 650,- per person. Heile programmet laurdag og sundag, lunsj og middag laurdag og sykkelshow med Eirik Ulltang & co er inkludert i passet

SYKKEL OG UTSTYR
All sykling vil i hovudsak vera på ei tilrettelagt terrengsykkeløype og asfaltert pumptrack, og alle typar syklar vil fungere her (unnateke landevegsyklar med svært glatte og smale dekk)

UTLEIGE AV SYKLAR
Myrkdalen Sport har eit lite utval terrengsyklar for born til utleige.

Vis mer

Bestill nå

Available on: 29.08.2020
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Vanskelighetsgrad
    Enkel
  • Målgruppe
    Familie
  • Månad
    August
  • Servering
    Måltid inkludert
  • Utstyr
    Utstyr ikkje inkludert
  • Prisar frå
    650 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Build: 03.07.2020 18:01:16, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails