Isfiske
Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Onsdag 3 mar 2021 - onsdag 31 mar 2021 Vis kart
Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand
Onsdagar i vinterferievekene og i påskeferien kan du bli med på isfiske på Lønavatnet med vår dyktige guide Ingvild Aurdal. Isfiske er ein kjekk aktivitet for alle aldrar!
Du møter guiden Ingvild Aurdal på Smalahovetunet, som ligg ved Lønavatnet, ca 20 km frå Myrkdalen Fjellandsby retning Voss. Ho har alt av utstyr de treng for dagen og vil gje dykk innføring i isfiske og tips gjennom dagen.
PRISAR
Kr 500 for vaksne
Kr 300 for born 4 - 12 år
TILGJENGELEGE DATOAR
31. mars
TIDSPUNKT
Kl 10.30 - 15.00
PARKERING
Parkering ved Smalahovetunet, 22 km frå Myrkdalen Fjellandsby retning Voss.
BEKLEDNING
Ta på varme og vasstette klede for å vera ute ein lang vinterdag. Me anbefalar ullundertøy, mellomlag og vass/vindtett jakke og bukse, gode og varme vintersko, varm lue, hals og vottar. Har du dunjakke anbefalar me dette også.
MAT OG DRIKKE
Ta med eigen mat og drikke. Me anbefalar også å ta med varm drikke.
NB!
Aktiviteten kan bli avlyst dersom det ikkje er trygg is på vatnet.
Bestill nå
Om denne aktiviteten
i det nærliggende området
-
Nedre Bygardslii - LeilegheiterLeiligheiter18,8 kmLitt mindre leilegheiter i nedre prisklasse som ligg 310 - 460 meter sør-vest...
-
Årmotssteinen - LeilegheiterLeiligheiter18,8 kmLeilegheiter med fin standard og god storleik som ligg 160 - 360 meter sør-ve...
-
Vårstølen - LeilegheiterLeiligheiter18,9 kmDesse leilegheitene ligg kun 90 - 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Fine le...
-
Øvre Bygardslii - LeilegheiterLeiligheiter19 kmMindre leilegheiter med fin standard som ligg i høgda i hyttefeltet - 150 til...
-
Myrkdalen HotelHotell19 kmMyrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlande...
-
Myrkdalen Hotel - LeilegheiterOvernatting, Leiligheiter19,1 kmSentrale og moderne hotell-leilegheiter med 2 og 3 soverom i leilegheitsbyggj...