Guida el-sykkelturar

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Torsdag 1 jul 2021 - tirsdag 31 aug 2021 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

Gjennom heile sommaren kan du bli med på guida heil- og halvdagstur på el-sykkel. Kjenn krafta frå el-sykkelen og nyt naturen med gode vener og familie!

 

Fleire og fleire har fått auga opp for gleda el-sykkelen gjev – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett. El-sykkelen gjev deg rett og slett kjensla av superkrefter og du kan sykla både lenger og fortare enn på ein vanleg sykkel.

I sommar kan du også oppleva dette på ein guida el-sykkeltur i Myrkdalen! Me tilbyr halv- og heildagsturar på grusvegane rundt Myrkdalen og på Vikafjellet. Begge områda byr på flott utsikt og fine naturopplevingar.

DATO
På bestilling kvar dag frå 1. juli - 30. september

TIDSPUNKT
Halv dag: frå kl 10.00 - 13.00 og kl. 14.00 - 17.00
Hel dag: frå kl 10.00 - 16.00

PRIS
Halv dag: 2000 kr
Prisen gjeld private grupper opp til 8 personar.

Hel dag: 4500 kr
Prisen gjeld private grupper opp til 6 personar inkl. transport av syklar tur/retur stalheim

GUIDA EL-SYKKELTUR - HALV DAG
Bli med ein lokalkjend guide på tur i Myrkdalen. Turane startar frå Myrkdalen Hotel og det er fleire alternative ruter på grusvegane i området. Lengd på turane blir tilpassa kvar gruppe og gode pausar blir lagt inn etter behov. Me syklar forbi fleire ulike vassdrag og tjern som byr på forfriskande bad på varme sommardagar.

GUIDA EL-SYKKELTUR - HEIL DAG
Bli med ein lokalkjend guide på dagstur ved Stalheim, som byr på fleire utraffikerte grusvegar som slynger seg gjennom den vakre naturen. Lengd på turane blir tilpassa kvar gruppe og gode pausar blir lagt inn etter behov. Me syklar forbi fleire ulike vassdrag og tjern som byr på forfriskande bad på varme sommardagar. Transport av EL-sykkel til startsted ved Stalheim Hotel er inkludert i prisen.

ALDERSGRENSE
Passar for alle - turane blir tilpassa kvar gruppe etter behov.
Anbefalt nedre aldersgrense: 10 år. Noe sykling langs riksveg kan forekomme

OPPMØTE
Oppmøte på toget i Myrkdalen, utenfor Myrkdalen Sport1 og sykkelutleige

LEIGE AV SYKKEL
Merk at prisane ikkje inkluderer leige av sykkel. Dersom du ikkje har eigen el-sykkel kan du leiga dette hjå Myrkdalen Sport & Utleige.

BEKLEDNING
Joggesko og sykkelhjelm, samt behagelege klede å sykla i.

Ta med sekk med:
- vind og vasstett jakke
- varme klede
- mat og drikke for dagen
- badeklede og handkle (dersom ein ynskjer å bada)

ONLINE BOOKING
Denne aktiviteten kan bestillast online innan 20 timar før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til aktivitet@myrkdalen.no eller ringa 0047 41 51 80 02

Vis mer

Bestill nå

Om denne aktiviteten

Säsong
Sommar
Vanskelighetsgrad
Middels
Målgruppe
Gruppe Åleine
Utstyr
Utstyr ikkje inkludert
Prisar frå
2000 NOK
Prisinformasjon
Per gruppe
Build: 07.05.2021 11:17:37, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails