Springehelg ved Nærøyfjorden

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 14 aug 2020 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

Med Myrkdalen Hotel som base inviterer me spreke kvinner og menn til springehelg i hjarta av Vestland fylke frå 14. - 16. august!

Me vil freiste å syne fram dei finaste turane i området Voss, Nærøyfjorden, Flåm og Aurland med utgangspunkt i ver og føre. Målet blir fine og spektakulære turar i godt lag med fantastisk fjordutsikt.

Målgruppa for denne helga er mosjonistar til «supermosjonistar». Me vil legge opp ulike turar i litt ulikt tempo og eventuelt lengde til ulike nivå, slik at alle skal både få den majestetiske utsikta, den gode springeopplevinga, og litt tunge bein. Minimumskrav for å vere med er at ein er skadefri og trener løping eller annan kondisjonsidrett 2-3 gonger i veka. Etter fyrste turen kan vi justere grupper, belastning og lengde dei neste dagane.

Minimum alder for å delta er 18 år.

UTSTYR
Ta med følgjande:
- Sekk til løping
- Sportsdrikk og camelbak
- 2 par joggesko om du har. Fint om du har løpt dei inn og at dei er eigna i terreng.
- Lett førstehjelpsutstyr med sportstape og gnagsårplaster
- Ullundertøy
- Lue og hanskar
- Solbriller og solkrem
- Lett og vindtett jakke
- Niste/mat til turane + ekstra energireserver(Gel, nøtter, sjokolade etc)

TENTATIVT PROGRAM
(Merk at det kan bli endringar basert på vær og vind)

Fredag 14. august
Kl. 1300-1400 Oppmøte i Myrkdalen. Innsjekk, registrering og klargjering.
Kl. 1400 Felles transport frå Myrkdalen Hotel til Flåm.
Kl. 1500 Båttransport til Stigen. Springe tilbake til Undredal. 2-3 timar.
Kl. 1900 Retur til Myrkdalen
Kl. 2030 Middag

Laurdag 15. august
Kl. 0800 Transport til Aurlandsdalen frå Myrkdalen Hotel
Kl. 0930 Springe Aurlandsdalen ned frå Østerbø til Vassbygdi. 20 km.
Kl. 1600 Felles middag i Aurland/Flåm
Kl. 1700 Retur til Myrkdalen
Kl. 1900 Foredrag og sosialt

Sundag 16. august
Kl. 0800 Transport til Flåm
Kl. 0930 Båt «Future of the fjords» frå Flåm til Dyrdal.
Kl. 1050 Springing Nærøyfjorden på langs.
To variantar: Krevjande og mindre krevjande gruppe/tur. Dyrdal - Jordalen og Dyrdal-Bakka.
Vi ser for oss at tur og program er ferdig ca. kl. 1700 denne søndagen.

PRIS
2800 kr pr person.
Inkluderer service og logistikk/frakt av utstyr, båttransport, middag fredag og laurdag, buss laurdag til Aurlandsdalen, guide og foredrag. Merk! Deltakarar må vere budd på å køyre/samkøyre eigne bilar fredag og søndag.

OVERNATTING MYRKDALEN HOTEL
Pris enkeltrom: 900 kr natta inkludert frukost og niste
Pris dobbeltrom: 1200 kr natta inkludert frukost og niste

For overnatting send mail til: post@myrkdalenhotel.no

INSTRUKTØRAR / GUIDAR

Lars Erik Skjervheim
Alder: 39
Idrett: Fjellspringing, Rando, Terrengsykling
Merittar: Norgesmester Rando, Norgesmester TerrengUltra
Bustad: Voss
Treningsslagord: Motivasjon og kontinuitet

Hans-Inge Klette
Alder: 22 år
Idrett: Randonee/springing/sykling
Merittar: u23 worldcup seier randonee, 5 plass VM randonee, 3 plass worldcup senior randonee.
Bustad: Voss

Malene Blikken Haukøy
Alder: 29år
Idrett: Fjelløping og randonee
Merittar: Rekordholder Hornindal rundt/NM gull, fyrste til å springe Sognefjorden på langs, verdsrekordhaldar i tal høgdemeter på 24t på ski (dame)
Bustad: Sogndal
Treningsslagord: Med fjellet som leikeplass

Vis mer

Bestill nå

Available on: 14.08.2020
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Säsong
    Sommar
  • Målgruppe
    Gruppe Åleine
  • Servering
    Måltid inkludert
  • Prisar frå
    2800 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Build: 22.07.2020 13:40:18, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails