Den grøne matkassa

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 25 des 2020 - fredag 14 mai 2021 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Hotel, 5713 Vossestrand

Bur du i hytter eller leilegheiter med sjølvhushald? No kan du kjøpa «Den grøne matkassa», med økologiske grønnsaker frå Finnegarden på Voss, Sognalapskaus med naturlege råvarer frå Haugen Gardsmat og herlege bakevarer frå handverksbakeriet i Flåm.

 

Du kan velge mellom to kasser, "Matkassa" og "Matkassa med Sognalapskaus", samt ein rekke tilleggsprodukt

MATKASSA
- Grønnsaker og frukt frå Finnegarden på Voss
- Eit surdeigsbrød frå Flåm Bakeri.

MATKASSA MED SOGNALAPSKAUS
- Grønnsaker og frukt frå Finnegarden på Voss
- Eit surdeigsbrød frå Flåm Bakeri.
- 2 stk sognalapskaus

GRØNNSAKER OG FRUKT FRÅ FINNEGARDEN PÅ VOSS
Noko dyrka på Voss, noko andre stader - alt økologisk!
Kassa er sesongbasert, og i desember/januar vil desse varene normalt alltid vera i kassa:

Potet, Gulrot, Løk og Kvitløk
Agurk, Tomat og Bladgrønt (Salat eller grønkål eller mikrogrønt)
Eple, Appelsin, Clementin og Sitron

Nokre andre varer kan også vera i kassa innimellom.

SURDEIGSBRØD FRÅ FLÅM BAKERI
Flåm Bakeri er eit handverksbakeri med bakarar som elskar faget sitt. I tillegg til surdeigsbrød kan du bestilla andre herlege bakevarer som til dømes kanelbollar, croissantar, sitronkake og andre typar brød.

SOGNALAPSKAPS FRÅ HAUGEN GARDSMAT
Haugen Gardsmat har alltid vore opptekne av matsvinn, og utnyttar både fårekjøt og grønsaker som ikkje har riktig form eller storleik i Sognalapskaus. Rett og slett eit bærekraftig produkt med kun naturlege råvarer, ingen kunstige tilsettingar!
Ein pakke er 900g og beregna på 2 personar

TILLEGGSPRODUKT
Deilige og ferske bakevarer frå Flåm Bakeri
Steinovnsbakte brød frå Flåm Bakeri
Ekstra sognalapskaus frå Haugen Gardsmat

TID
Kvar fredag

BESTILLING / HENTING
Matkassa hentes hos Myrkdalen Landhandleri / Myrkdalsstovo 1.etg fredagar mellom kl. 14 - 19 og må bestillast seinast tirsdag samme veke.
Maten blir levert i ein plastkasse - denne leverast i retur til Myrkdalsstovo.

Vis mer

Bestill nå

Om denne aktiviteten

Säsong
Vinter
Build: 01.01.2000 00:00:00, Host: online3core17, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails