Oppdrag Myrkdalen (FULLT)

Adresse: Myrkdalen Fjellandsby, 5713 Vossestrand Dato: Mandag 9 aug 2021 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Fjellandsby, 5713 Vossestrand

Ein actionfylt sommarskule for born- og unge. Med Myrkdalen som arena, tilbyr vi ein 3-dagars intensiv og attraktiv «sommarskule» i bratt vestlandsnatur for born og unge.

 

Konseptet er ein kombinasjon av læring, samt spanande oppdrag/utfordringar ein skal løyse åleine og/eller i grupper. Vi legg opp til at kvar deltakar får tilpassa utfordringar i trygge rammer, leia av dyktige sertfiserte instruktørar, og med god støtte frå våre sosiale aktivitetsleiarar.

Ved oppmøte fyrste dagen vil alle få grunnleggjande opplæring. Deretter vil deltakarane bli sendt ut på oppdragsløysing i og omkring Myrkdalen. Dette involverer alt frå klatring, elvepadling, orientering og matlaging på bål. Kom åleine eller ta med deg ein ven, og bli med på eit oppdrag du aldri vil gløyme!

«Oppdrag Myrkdalen» passar deg som: 
- Ynskjer å utfordre deg sjølv 
- Er motivert til å prøve noko nytt og ukjend 
- Skal byrja i enten 5., 6. eller 7. klasse hausten 2021

Under «Oppdrag Myrkdalen» lærer du: 
- Basis friluftsliv 
- Navigering med kart og kompass 
- Bålfyring og matlaging på bål 
- Etablere leirplass 
- Bekledning ute
- Elvepadling kajakk 
- Klatreteknikk ute 
- Stisykling

Du vil mellom anna oppleve: 
- Å sove i tretopptelt høgt over bakken 
- Å få nye vener 
- Adrenalin 
- Stemning rundt leirbålet 
- Leik og moro 

KRAV:
- Svømmedyktig
- Skadefri
- Må stille med basis friluftslivutstyr type bekledning, sovepose, liggjeundelag, fjellsko og sekk. Utstyrsliste vil bli sendt ved påmelding.
- Er komfortabel med å vere borte frå foreldre/føresette nokre dagar.

PRIS
5500,-
Inkluderer utstyrsleige, telt til overnatting, alle måltid, transport til og frå aktivititetar samt aktivitetsleiarar og instruktørar.

Det vil vere to vaksne aktivitetsleiarar som er med barna både dag og natt.
Vi tar oss av deltakerne fra de blir levert til de blir hentet igjen. Om noen foreldre ønsker å være i nærheten av barna sine kan man booke seg inn på hotell/hytte i Myrkdalen eller ta noen dager og oppleve Flåm og Sognefjorden som er like ved.

VARIGHEIT:
Mandag kl. 9.00 - onsdag kl. 16.00

DATOAR
26.-28. juli - FULLT
9.-11. august - FULLT

KAPASITET
12 deltakarar per gjennomføring

SMITTEVERN
Vi vil alltid fylgje dei gjeldande retningslinjene for smittevern. Sommarskulen vil foregå utandørs og vi tilpassar aktivitetar og fasilitetar for å gje ei trygg og god oppleving for alle.

Har du spørsmål?
Kontaktperson: Joar Wæhle

Vis mer

Bestill nå

Om denne aktiviteten

Kontaktperson
Joar Wæhle
Säsong
Sommar
Skuleferie
Sommarferie
Type aktivitet
Utandørs
Månad
Juli August
Prisar frå
5500 NOK
Prisinformasjon
Per person
Build: 02.08.2021 12:54:11, Host: ONLINE3CORE20, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails