Oppdrag Myrkdalen
Adresse: Myrkdalen Fjellandsby, 5713 Vossestrand Dato: Mandag 19 jul 2021 - mandag 9 aug 2021 Vis kart
Adresse: Myrkdalen Fjellandsby, 5713 Vossestrand
Ein actionfylt sommarskule for born- og unge. Med Myrkdalen som arena, tilbyr vi ein 3-dagars intensiv og attraktiv «sommarskule» i bratt vestlandsnatur for born og unge.
Konseptet er ein kombinasjon av læring, samt spanande oppdrag/utfordringar ein skal løyse åleine og/eller i grupper. Vi legg opp til at kvar deltakar får tilpassa utfordringar i trygge rammer, leia av dyktige sertfiserte instruktørar, og med god støtte frå våre sosiale aktivitetsleiarar.
Ved oppmøte fyrste dagen vil alle få grunnleggjande opplæring. Deretter vil deltakarane bli sendt ut på oppdragsløysing i og omkring Myrkdalen. Dette involverer alt frå klatring, elvepadling, orientering og matlaging på bål. Kom åleine eller ta med deg ein ven, og bli med på eit oppdrag du aldri vil gløyme!
«Oppdrag Myrkdalen» passar deg som:
- Ynskjer å utfordre deg sjølv
- Er motivert til å prøve noko nytt og ukjend
- Skal byrja i enten 5., 6. eller 7. klasse hausten 2021
Under «Oppdrag Myrkdalen» lærer du:
- Basis friluftsliv
- Navigering med kart og kompass
- Bålfyring og matlaging på bål
- Etablere leirplass
- Bekledning ute
- Elvepadling kajakk
- Klatreteknikk ute
- Stisykling
Du vil mellom anna oppleve:
- Å sove i tretopptelt høgt over bakken
- Å få nye vener
- Adrenalin
- Stemning rundt leirbålet
- Leik og moro
KRAV:
- Svømmedyktig
- Skadefri
- Må stille med basis friluftslivutstyr type bekledning, sovepose, liggjeundelag, fjellsko og sekk. Utstyrsliste vil bli sendt ved påmelding.
- Er komfortabel med å vere borte frå foreldre/føresette nokre dagar.
EARLYBIRD KAMPANJE: Bestill før 31.mai og få 15% rabatt! Pris med rabatt: 4675,-
PRIS
5500,-
Inkluderer utstyrsleige, telt til overnatting, alle måltid, transport til og frå aktivititetar samt aktivitetsleiarar og instruktørar.
Det vil vere to vaksne aktivitetsleiarar som er med barna både dag og natt.
Vi tar oss av deltakerne fra de blir levert til de blir hentet igjen. Om noen foreldre ønsker å være i nærheten av barna sine kan man booke seg inn på hotell/hytte i Myrkdalen eller ta noen dager og oppleve Flåm og Sognefjorden som er like ved.
VARIGHEIT:
Mandag kl. 9.00 - onsdag kl. 16.00
DATOAR
19.-21. juli
26.-28. juli
2.-4. august
9.-11. august
KAPASITET
12 deltakarar per gjennomføring
SMITTEVERN
Vi vil alltid fylgje dei gjeldande retningslinjene for smittevern. Sommarskulen vil foregå utandørs og vi tilpassar aktivitetar og fasilitetar for å gje ei trygg og god oppleving for alle.
Har du spørsmål?
Kontaktperson: Joar Wæhle
Bestill nå
Om denne aktiviteten
i det nærliggende området
-
StudioleiligheiterLeiligheiter6 mSki inn - ski ut studioleilegheiter i hjarta av Myrkdalen Fjellandsby. Leileg...
-
Myrkdalen Hotel - LeilegheiterOvernatting, Leiligheiter32 mSentrale og moderne hotell-leilegheiter med 2 og 3 soverom i leilegheitsbyggj...
-
Myrkdalen HotelHotell73 mMyrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlande...
-
Helgatun - LeilegheiterLeiligheiter206 mModerne og fine leilegheiter med god storleik som ligg 300 - 500 meter nordau...
-
Vårstølen - LeilegheiterLeiligheiter278 mDesse leilegheitene ligg kun 90 - 270 meter vest for Myrkdalen Hotel. Fine le...
-
Årmotssteinen - LeilegheiterLeiligheiter299 mLeilegheiter med fin standard og god storleik som ligg 160 - 360 meter sør-ve...