Let's BeGin

Adresse: Myrkdalen Fjellandsby, 5713 Vossestrand Dato: Fredag 3 sep 2021 - lørdag 4 sep 2021 Vis kart

Adresse: Myrkdalen Fjellandsby, 5713 Vossestrand

Fredag 3. og laurdag 4. september kan du bli med på ei lærerik helg med fokus på gin, norsk produksjon og fantastiske smaksopplevingar

 

Fyrste helga i september inviterer me alle ginelskarar til kurs, prat og drikke i hyggjeleg lag. Kvelden blir avslutta med ein fantastisk sjømataftan og konsert med surfebandet The Longboards. Dette blir ein dag du seint vil gløyma!

Det prisvinnande destilleriet Feddie Ocean Destillery vil halda ginkurs, samt gje deg tips til korleis ein kan nytta gin i ulike drinkar. Bareksten, Ægir Bryggeri, Fellesbryggeriet og Harahorn kjem og gjev deg eit innblikk i korleis ein produserer i Noreg, og dei vil sjølvsagt fortelja om sine edle dråper.

Dette blir ei hyggjeleg helg med fokus på kunnskap og god drikke i sosialt lag

PROGRAM
Fredag:
kl. 20.00 - Ginkurs med dei anerkjende destillatørene Craig Brownhill og Lona Grant frå Feddie Ocean Destillery

Laurdag:
Kl. 15.00 – Produsentane gjev deg innblikk norsk produksjon og dei vil sjølvsagt fortelja om sine edle dråper.
Kl. 18.00 – Tips og triks frå cocktailbransjen i Salto
Kl. 19.30 – Sjømataftan i Restaurant Nuten
Kl. 21.30 - Konsert med the Longboards

PRISAR
Fredag: 550
Laurdag: 995

THE LONGBOARDS
Bandet The Longboards er ein gjeng rutinerte musikarar frå Bergen, som i ny og ne slår seg laus med å spela musikken dei blir mest glad av og som høyrer sommaren til: Surfrock. Tenk varme kveldar, lange bølgjer, sandstrender og "rett-i-trynet - melodiar" Altså, ein god del The Ventures, en dæsj Tarantino, og mykje meir knask. Musikarane er rutinerte ringrevar som har fartstid i band som Good Time Charlie, Casiokids, Alibiet, Havarikommisjonen, Kiss Kiss King Kong, Bergen Bonanza mm.

Vis mer

Bestill nå

Om denne aktiviteten

Type aktivitet
Innandørs
Månad
September
Aldersgrense
20 år
Prisar frå
550 NOK
Prisinformasjon
Per person
Build: 02.08.2021 12:54:11, Host: online3core18, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762.v1 online3data04.db.citybreak.com:8080, Controller: Todo, Action: showdetails