Skiskule for born - Myrkdalen Barnefestival

ONLINE BOOKINGA FOR SKISKULE ER NO STENGT, MEN DE KAN STIKKA INNOM SKISKULEN OG FÅ TIME DIREKTE HJÅ DEI.

9. og 10. mars tilbyr Skiskulen undervisning til svært gode prisar. No kan du melda borna dine på nybyrjar alpint eller lett øva alpint for alderstrinna 4 - 5 år og 6-9 år Det er mogleg å melda borna på dagskurs laurdag eller sundag, eller 2-dagarskurs for heile helga.

Gruppeundervisning 4-5 år
For denne aldersgruppa tilbyr me gruppeundervisning i 45 minutt for nybyrjarar og lett øva.
Det er maks 4 deltakarar på kvar gruppe, slik at deltakarane får mest mogleg ut av undervisninga.

TIDSPUNKT
Kl 09.30 - 10.15
Kl 10.15 - 11.00

Gruppeundervisning 6-9 år
For denne gruppa tilbyr me gruppeundervisning i 90 minutt for nybyrjarar og lett øva
Her er det maks 8 deltakarar på kvar gruppe.

TIDSPUNKT
Kl 09.30 - 11.00

NYBYRJAR
Her lærer ein å ploga, stoppa og svinga, samt å ta rullebandet. Passar for alle som ikkje har stått på ski før.

LETT ØVA
Her har ein fokus på å få borna til å stå riktig over skia og me brukar terrenget til læring. Fokus på balanse og sikker skikøyring. For å gå på dette kurset må borna kunna ploga og ta tallerkenheisen.

PRISAR
1 dag - 300 kr per person
2 dagar - 500 kr per person

UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon. NB! Born 0-6 år køyrer gratis i anlegget så lenge dei brukar hjelm, men merk at dei må ha eige Key Card.

OPPMØTE
Møt opp med alt utstyr klart ved møteplassen utanfor Myrkdalen Sport og Skiutleige seinast 10 minutt før aktiviteten startar. Føresette må vera med på oppmøtestaden.

Vis mer