Fluefiskehelg

Dato: Lørdag 31 aug 2019

Laurdag 31. august - sundag 1. september kan du bli med Ingvild Aurdal og Cato Vivelid Nilssen frå VM-laget i fluefiske, på kaste- og fiskekurs! Dei gjev deg instruksjon i gode kasteteknikkar og tek deg med på praktisk fiske i elva!

Deltakarane blir delt inn i mindre grupper etter nivå og erfaring, slik at ein får godt utbyte av kurset enten ein er nybyrjar eller vidarekomen.

LAURDAG 31. AUGUST
Kl 10.00 - 16.00: Fluekastekurs. Praktisk kasteinstruksjon med innføring i gode kasteteknikkar.
Kl 20.00: 3-rettars middag i Restaurant Nuten

SUNDAG 1. SEPTEMBER
Kl 10.00 - 16.00: Praktisk fiske
Sundagen held me oss ved elva heile dagen. Her får alle høve til å setja sin nyerverva kunnskap ut i praksis under kyndig instruksjon. Me ser også på kva ørreten et, kvar han befinn seg i elva m.m

KVA ER INKLUDERT
Instruksjon begge dagar, 3-rettars middag laurdag, samt fiskekort er inkludert i prisen.

UTSTYR
Ta med eige utstyr. Har du behov for å leiga utstyr kan du kontakta Ingvild Aurdal på e-post [email protected]

ALDERSGRUPPE
Alle kan delta på dette kurset

TRANSPORT
Me legg opp til at me køyrer i eigne bilar til elva.

Kun 12 plassar - fyrstemann til mølla!

OVERNATTING
Kontakt oss gjerne på e-post: [email protected], vis bookingbekreftelsen for Fluefiskehelga og få tilbod på overnatting.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    1900 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person