Yogahelg på Myrkdalen Hotel

Dato: Lørdag 18 nov 2017 Vis kart

I midten av november har me gleda av å invitera til yogahelg på Myrkdalen Hotel med den dyktige instruktøran Karina Eline Kibsgård. Kibsgård er ein av dei mest erfarne yogainstruktørane i skandinavia innan Jivamukti Yoga.
Yogahelga blir arrangert samstundes som "Smak & Tonar med Johannessen og Hjeltnes". Kombinèr ei helg med velvære, musikk og mat i verdsklasse.

YOGAHELG ER NO UTSELD

Laurdag 18. november
Kl. 09 - 12: Introduksjon til Jivamukti Yoga
Kl. 12 - 14: Pause og lunsj i Restaurant Nuten
Kl. 14 - 16: Yoga av og på matta (filosofi og praksis)

Sundag 19. november
Kl. 10 – 12: Bevisst plassering i samanheng med pust (teknikk og alignment)
Kl. 12 - 13: Pause og lunsj i Restaurant Nuten
Kl. 13 – 15: Flyt, leik og frigjering (vinyasa)

OM JIVAMUKTI YOGA
Jivamukti Yoga er en vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastilligar/asana praktisert i samanhengande flyt med ein leiken tilnærming. Samstundes er element av chanting, yoga-filosofi og eit fokustema viktige delar av undervisninga, for å hjelpa oss ned i djubda av yogapraksisen.

OM KARINA ELINE KIBSGÅRD
Karina Eline Kibsgård har undervist yoga sidan 2008 og undervisar i dag ved ulike yogastudio i Oslo. Bakgrunnen hennar er hovudsakleg frå dans, Ashtanga Yoga og Jivamukti Yoga. Ho vart introdusert for yoga gjennom studiane hennar ved Den Norske Balletthøyskole. I dag er Kibsgård ein av få "800h Advanced Certified" Jivamukti Yogalærarar i Skandinavia.

Alle nivå er velkomne! Yogahelg er no utseld

Pris: Kr 1400,- per person, inkluduert lunsj laurdag og sundag
NB! Ta med eiga yogamatte

Show more

Bestill nå

Aktivitet Totalpris
Loading

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    1400 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Hotell

1. Myrkdalen Hotel

Avstand: 111 meter
Myrkdalen Hotel ligg perfekt til, med ski inn – ski ut tilkomst til Vestlandet sitt største skianlegg og Årmotslia Langrennsarena. Om sommaren byr området på turstiar i alle utgåver, adrenalin-fylte opplevingar og kort veg til fjordidyll.
Leiligheiter

2. Myrkdalen Fjellandsby - leilegheiter

Avstand: 111 meter
I Myrkdalen Fjellandsby kan du bu godt i leilegheiter med sjølvhushald av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og ligg nært skianlegget.