Yogahelg på Myrkdalen Hotel

Dato: Fredag 22 nov 2019 Vis kart

22.-24. november har me igjen gleda av å invitera til yogahelg på Myrkdalen Hotel med dei dyktige instruktørane Karina Eline Kibsgård og Camilla Torvik Tønne. Kibsgård og Tønne er to av dei mest erfarne yogainstruktørane i Skandinavia innan Jivamukti Yoga.

«Yoga is not for people who are interested in staying the same» - David Life, co-founder of Jivamukti Yoga

Endring og Utvikling – A Call to Action.
Me lever i ei tid der endring og omstilling har blitt ein del av daglegtalen. Fleire av oss kjenner på endringar i arbeidslivet og FN’s bærekraftmål skrik til oss at me må endra åtferden vår ellers står det dårlig til med jorda. På eit personlie plan søkjer me og endring og utvikling. Me vil bli betre utgåver av oss sjølve. Men kvifor er det så vanskeleg å endra seg sjølv, ein arbeidsplass eller eit samfunn? Denne helga tek me eit yogisk blikk på endring. Korleis kan ein bruka yogaprakisen sin til å handtera ekstern endring og korleis kan yoga hjelpa oss til å endra og utvikla oss sjølve?

FREDAG
Kl 17 - 19: Jivamukti Open Class
Full pakke; chanting, filosofi, fysisk vinyasa praksis og meditasjon i ei og samme økt

LAURDAG
Kl 09 - 11.30: Jivamukti Workshop
«The power to love» Workshop med fokus på styrke, korrekt plassering og bevisst bevegelse.

Kl 12: Lunsj

Kl 14 - 16.30: Jivamukti Workshop
«Getting the issues out of our tissues» Workshop med fokus på hofte - opnarar og bakover - bøyingar

Kl 18: Middag

Kl 20 - 21: Pust og meditasjon
Ei roleg avsluttande økt med chanting, pranayama (pust) og meditasjon.

SUNDAG
KL 09 - 11: Jivamukti Open Class
Full pakke; chanting, filosofi, fysisk vinyasa praksis og meditasjon i ei og samme økt.

Kl 11.30: Lunsj

Kl 13 - 15: Rest & Restore
Ei Yin/Restorative klasse med fokus på pust, avspenning og meditasjon.

PRIS
Pris: Kr 2490,- per person
3-rettars vegetarmiddag laurdag, vegetarlunsj laurdag og sundag, og yogatimar alle dagar er inkludert. Alle nivå er velkomne! Avgrensa plassar - bestill tidleg for å sikra deg denne helga.

OM JIVAMUKTI YOGA
Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen.

OM KARINA ELINE KIBSGÅRD
Karina Eline Kibsgård har undervist yoga sidan 2008 og undervisar i dag ved ulike yogastudio i Oslo. Bakgrunnen hennar er hovudsakleg frå dans, Ashtanga Yoga og Jivamukti Yoga. Ho vart introdusert for yoga gjennom studiar ved Den Norske Balletthøyskole. I dag er Kibsgård ein av få "800h Advanced Certified" Jivamukti Yogalærarar i Skandinavia.

OM CAMILLA TORVIK TØNNE
Gjennom fokus på pust og teknikk tek Camilla deg gjennom krevjande asanapraksis på ein leiken og uhøgtideleg måte. Ho har stor interesse for å gjera tradisjonell yogafilosofi tilgjengeleg og relevant for dagens samfunn. «Me lever i ei tid der me er tilgjengeleg for andre store delar av døgnet, der me fordøyer enorme mengder informasjon og skal prestera i nesten alt me gjer. Yogapraksisen er som ein fristad, der merksemda blir retta innover og kor aksept og å vera fordomsfri er i fokus». Camilla har undervist yoga på fleire yogastudio, for ulike bedrifter og ved arrangement. I dag bur ho i Stavanger der ho underviser yoga ved Jivamukti Yoga Stavanger.

OVERNATTING
Kontakt oss gjerne på e-post: [email protected], vis bookingbekreftelsen for Yogahelg og få tilbod på overnatting.

Vis mer

Bestill nå

Available on: 22.11.2019
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    2490 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person
Build: 13.11.2019 14:01:08, Host: online3core19, DB: o3.cbguide-7443.cbischannel-20762 online3data03.db.citybreak.com:8080, Controller: Activity, Action: showdetails