Toppturhelg 30. - 31. mars

Dato: Lørdag 30 mar 2019 Vis kart

Bli med dyktige fjellførarar på jakt etter den beste snøen i eit landskap med spektakulær utsikt over fjord og fjell. I år er det Tindeguide AS, med sine kompetente guidar, som tek deg med på toppturane siste helga i mars.

ÅRETS TURAR
Bli med på spektakulær rundtur gjennom verdsarven, på topptur ytst i nærøyfjorden, til Rambera ved Sognefjorden, på pudderjakt i Vossafjell eller på topptur til indrefileten i Hardanger - Oksen!

OM TINDEGUIDE AS
Tindeguide AS tilbyr profesjonell veiledning i tindesport og friluftsliv. Dei fokuserer på bærekraftige fjellopplevingar med læring og meistring. Dei brukar kun kompetente guidar og instruktørar. I tråd med norsk tradisjon ynskjer dei å fremja det enkle, det lokale, og det naturvenlege friluftslivet - for mektige opplevingar i ekte, norsk natur.

UTSTYR
Dersom du ikkje har skredutstyr er det mogleg å leiga dette kostnadsfritt gjennom Tindeguide AS. (Begrensa antal)

Tindeguide AS har også utleige av toppturski (ski, feller og staver) for 400 kr per dag, samt komplett toppturutstyr (ski, feller, staver og støvlar) for 500 kr per dag.

PRISAR
Helgepass kr 3400,- per person. Passet inkluderer topptur laurdag og sundag med sertifiserte guidar, samt transport.

TURSKILDRINGAR
Sjå www.myrkdalen.no/toppturhelg for turskildringar, kart mm

NB! Turane kan bli endra på kort varsel grunna vèr og føre.

Vis mer

Bestill nå

Available on: 30.03.2019
Aktivitet Totalpris