Konsert med 5+ Cornelis

Dato: Lørdag 3 mar 2018 - lørdag 3 mar 2018

5 + Cornelis består av 5 drivne musikarar frå Drøbak som framfører låtar av den folkekjære artisten Cornelis Vreeswijk. Kapellmeister Pål Mørk bind alt saman med små historiar frå Vreeswijks noko turbulente liv gjennom heile konserten.

Songane som blir spelt er velkjende låtar for dei fleste som kjenner til Cornelis Vreeswijk sin musikk. Cecilia Lind, Veronika, Somliga går med trasiga skor, Felicia forsvann, Turistens klage og Feriekolonien for å nemna nokon. Dette blir ein kveld med latter, sang og god stemning.

Dørene opnar kl 19.00 og konserten byrjar kl 21.00
Aldersgrense: 18 år

Konserten blir halde i Myrkdalsstovo og det er mogleg å følgjande rettar før og under konserten:

Spekebord med rømmegraut og ostebord: Kr 345,- per person
Buffet med ulike typar spekemat frå Haugen Gardsmat og Vossakjøt, rømmegraut og tilbehør, ostebuffet med kjeks, frukt, chutney mm.

Spekemat og ostebuffet med tilbehør: Kr 219,- per person

Show more

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris
Loading