PalmeBrak - Skiundervisning for born og ungdom

Dato: Lørdag 13 apr 2019

ONLINE BOOKING FOR PALMEBRAK ER NO STENGT, MEN DU KAN FRAMLEIS BESTILLA KURS TIL [email protected]

Palmelaurdag, 13. april, arrangerer Skiskulen og Myrkdalen Sport & Skiutleige "PalmeBrak" i Myrkdalen! Start påsken med kjekke og lærerike kurs for born og ungdom til kun 150 eller 200 kr per person!

Du kan melda deg på følgjande kurs:

1. Alpint: Nybyrjar 6 - 9 år

I alpint nybyrjar-kursa våre lærer ein å ploga, stoppa og svinga. Passar best for dei som ikkje har prøvd å stå noko særleg på ski før. Kursa varar i 1 time og 40 minutt

2. Alpint: Lett øva 6 - 9 år:
3. Alpint: Lett øva 10 - 13 år

I alpint Lett Øva-kursa har ein fokus på å stå riktig over skia, bruka terrenget til læring, balanse og sikker skikøyring. For å gå på dette kurset må ein meistra ploging og ta tallerkenheisen. Kursa varar i 1 time og 40 minutt

4. Alpint: Vidarekomne 10 - 13 år

Her vil ein ha fokus på å mestre brattare løyper, med fartskontroll men også meir krevjande terreng og meir krevjande forhold. På dette kurset tek me stolheisen opp og køyrer såleis lengre løyper under kurset.

5. Frikøyring: 10 - 13 år

På frikøyringskursa er det fokus på skiteknikk i terrenget utanfor løypene. Me held oss i skredsikkert terreng, så det er ikkje krav om sendar/mottakar, spade, søkestang.

6 Park Junior: 6-9 år
7. Park Innføring - frå 10 år og oppover

Bli med ein jibbar, lær nye triks og korleis du kan bruka parken på ein god måte! Park Junior er for 6 - 9 år. Innføring Park er for alle over 10 år - ungdom og vaksne.

UTSTYR, HEISKORT OG OPPMØTE
Alle deltakarar må ha med eige utstyr, eller ein kan leiga det hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige. Ein må også ha heiskort som er gyldig i perioden ein har instruksjon. Born under 7 år køyrer gratis i anlegget, men merk at dei må ha eige KeyCard.

Oppmøte for alle kursa er ved møteplassen til Skiskulen. Ver venleg å stå klar ved møteplassen 10 minutt før kurset ditt startar og ta med bestillingsbekreftelsen din.

ONLINE BOOKING FOR PALMEBRAK ER NO STENGT, MEN DU KAN FRAMLEIS BESTILLA KURS TIL [email protected]

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    150 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person