PalmeBrak - Skiundervisning for vaksne

ONLINE BOOKING FOR PALMEBRAK ER NO STENGT, MEN DU KAN FRAMLEIS BESTILLA KURS TIL [email protected]

Palmelaurdag, 13. april, arrangerer Skiskulen og Myrkdalen Sport & Skiutleige "PalmeBrak" i Myrkdalen! Start påsken med kurs i alpint og frikøyring til kun 150 eller 200 kr per person!

Du kan melda deg på følgjande kurs begge dagar:

1. FRIKØYRING TEKNIKK-KURS FOR NYBYRJARAR (2,5 timar)
For deg som meistrer skikøyring i løypene, men vil prøva deg off-piste.

2. FRIKØYRING TEKNIKK-KURS FOR VIDAREKOMNE (2,5 timar)
For deg som har stått ein del på ski off-piste. Fokus på køyremønster, sendar-mottakar, linjeval mm

3. ALPINT TEKNIKK-KURS FOR LETT ØVA (1 time, 40 minutt)
Alpint teknikk - Lett øva passar for dei som klarar å ta seg rundt i dei enklaste løypene i anlegget, og som kan ta seg ned grøne og blå løyper.

4. ALPINT TEKNIKK-KURS FOR VIDAREKOMNE (1 time, 40 minutt)
Passar for dei som kjem seg rundt i raude og svarte løyper, og som vil justera på teknikk og ulik svingteknikk i løypene.

5. NYBYRJARKURS I ALPINT - for deg som ikkje har stått på ski før (1 time, 40 minutt)
Passar for dei som ikkje har stått på alpint før, og som ynskjer å læra dette saman med andre. Fokus på grunnleggjande teknikkar ved ploging, bremsing og svinging.

ALDERSGRENSE, UTSTYR OG OPPMØTE
Aldersgrense for kursa er 16 år. Alle deltakarar må ha med eige utstyr, eller ein kan leiga alpintutstyr i skiutleiga. Ein må også ha heiskort som er gyldig i perioden ein har instruksjon. Oppmøte på møteplassen til Skiskulen minst 10 minutt før kurset byrjar. Hugs å ta med kvitteringa for bestillinga.

ONLINE BOOKING FOR PALMEBRAK ER NO STENGT, MEN DU KAN FRAMLEIS BESTILLA KURS TIL [email protected]

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    150 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person