Guida topptur til Finnbunuten via Svortetjødn

Dato: Lørdag 6 jul 2019 - lørdag 24 aug 2019

Bli med på ein guida topptur til Finnbunuten via idylliske Svortetjødn!

Turen startar med at me tek heisen til topps og går via vakre Mørkvestølen om ligg fint til ved ei lita elv og med vakker utsikt mot Myrkdalsvatnet. Frå Mørkvestølen går me vidare opp til idylliske Svortetjødn som byr på eit forfriskande bad på varme sommardagar. Herfrå går turen til toppen i umerka terreng.

Frå Finnbunuten (1358 moh.) nyt me den fantastiske utsikta før me returnerer til Myrkdalen Hotel. På klarvêrsdagar kan ein sjå heilt til Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna frå toppen.

Retur går langs Kari Traa-trekket, ned til Helgatun og over til Myrkdalen Hotel.

FAKTA
Tilgjengeleg: Laurdagar i juli og august
Anbefalt aldersgrense: Passar for turvande born frå 10 år og oppover.
Lengd: Ca 12 km tur – retur
Start: Oppmøte ved heisbua til Myrkdalsekspressen kl 9.45
Tid: Me estimerer 6-7 timar tur/retur
Pris: Kr 600 per person (heistur inkludert)

Hugs å ta med varme og vasstette klede, mat og drikke for ein heil dag og gode sko. Ver merksam på at det også kan bli endringar i programmet grunna vèr og andre uforutsette faktorar.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris