Vandretur frå Myrkdalsekspressen

Dato: Lørdag 7 jul 2018 - lørdag 25 aug 2018

Me tek Myrkdalsekspressen til topps kl 10.00 og går enten til Finnbunuten eller Svortetjødn.

TURSKILDRING TIL FINNBUNUTEN
Frå toppen av Myrkdalsekspressen går turen over til Kari Traa - trekket og oppover. Frå toppstasjonen til toppen av Finnbunuten (ca 1 km) er det ikkje noko sti, men me følgjer ryggen oppover. Vel oppe på toppen har ein i klårvêrsdagar flott utsikt til Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna. Retur ned langs Kari Traa-trekket, ned til Helgatun og over til Myrkdalen Hotel.

TURSKILDRING TIL SVORTETJØDN
Turen til Svortetjødn (996 moh) går via idylliske Mørkvestølen og opp ryggen til tjørnet som ligg nydeleg til. Retur same veg.

FAKTA FOR BEGGE TURAR
Tilgjengeleg: Laurdagar frå 7. juli - 25. august.
Anbefalt aldersgrense: Passar for turvande born frå 8 år og oppover.
Lengd: Ca 10 km tur – retur
Start: Oppmøte ved heisbua til Myrkdalsekspressen kl 9.45
Tid: Me estimerer 6-7 timar tur/retur
Pris: Kr 500 per person (heistur inkludert)

Hugs å ta med varme og vasstette klede, mat og drikke for ein heil dag og gode sko. Turmål blir bestemt ut ifrå vêr og føre.

Ver merksam på at det også kan bli endringar i programmet grunna vèr og andre uforutsette faktorar.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris
Loading