Loveshack

Adresse: Klypeteigen , 5713 Vossestrand Vis kart

Adresse: Klypeteigen , 5713 Vossestrand

Er du klar for å synga og dansa fletta av deg? Tysdag i påskeferien gjentek med suksessen ved å ha rockekonsert i Trakkemaskingarasjen. Loveshack er eit av Noregs beste live band og speler kjende coverlåter frå det glade 80-talet!

PRIS
350 kr per person

DATO
Tysdag 16. april

DØRENE OPNAR
Kl 19.00

KONSERTEN BYRJAR
Kl 20.00

ALDERSGRENSE
18 år

OM LOVESHACK
Loveshack feirar 20 år! Over 1500 konsertar over heile Noreg for fleire hundre tusen menneske er fasiten så langt. Det som byrja som ein gjeng som berre ville spela litt saman har blitt så mykje meir enn Loveshack drøymde om.

Det heile starta ved at fem musikarar frå Skjetten, Oslo, Trondheim og Bergen spelte saman på Moldejazz sitt uoffisielle program i 1998. Dei hadde eit mål for auga: å underhalda seg sjølve og publikum. Noko dei gjorde til gagns! Sidan den gong har det vore desse fem: Svein (leadvokal/gitar), Aslak (leadvokal/bass), Ole (trommer/vokal), Christian (keyboards/vokal), og Ken (gitar/vokal).

Loveshack sin evne til å angripa kvar konsert som «at dette er den beste konserten me nokonsinne skal gjera» har ført til at dei har blitt publikumsyndlingar - på private tilstellingar, klubbjobbar, afterski, studentfestar eller festivalar.

Historia om Loveshack er på langt nær slutt - den har berre såvidt byrja!

Vis mer

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    350 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person