Danseshow - Bach goes hiphop

Dato: Lørdag 9 mar 2019 Vis kart

Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til danseshow i Trakkemaskingarasjen under Myrkdalen Barnefestival. I år vil me oppleva at musikken frå den kjende komponisten Johan Sebastian Bach beveger seg inn i ei verd full av hiphop!

Endelig skal Werner få framføra musikk skrive av favorittkomponisten sin, Johann Sebastian Bach. Musikken er komponert spesielt for Werner sitt elska instrument, celloen! I salen sit eit forventningsfult publikum! Alt ligg til rette for ein flott klassisk konsert. Hadde det ikkje vore for David og Ole Petter. De har hovudet fylt av heeeilt andre ting….

Etter showet blir det eit kort dansekurs som borna kan ta del i! Showet byrjar kl 19.00 og varar i ca 30 minutt. Etterpå blir det ein kort danse workshop med borna.

NB!Har du billett til barnefestivalen, treng du ikkje kjøpa enkeltbillett til danseshowet

Kort presentasjon av medverkande
• Werner Bryn (Cello)
• David Bryn (Dans, beatboxing, trommer og song)
• Ole Petter Knarvik (Dans)

Ole Petter Knarvik var med på å starta Absence Crew for 15 år sidan. Som dansar i Absence har han vunne NM i breaking og vore finalist i Dansefeber og Norske Talenter og vunne programmet ”Mitt Dansecrew” (TV2 2015). Han turnerer i tillegg til ”Bach goes HipHop” med DKS forestillingane ”Askeladden - på nye eventyr”, ”Norr - da gudene breaket” og ”Oldschool”.

Werner Bryn (cello) jobbar som frilans musikar og dirigent i Bergensområdet, og han underviser i Kulturskulen i Bergen. Han har Master utdannelse i utøvande musikk frå Griegakademiet, i tillegg til allmennlærarutdanning frå Høgskolen i Bergen.

David Bryn, Werner sin veslebror, er profesjonell dansar med base i Bergen. Han har i fleire år halde på med utøvande Hip Hop/breaking, ofte med fokus på det humoristiske i formidlinga. David er mykje nytta som danseinstruktør og har turnert ein del med Absence Crew og førestillinga ”Askeladden på nye eventyr”.

Vis mer

Bestill nå

Available on: 09.03.2019
Aktivitet Totalpris

Om denne aktiviteten

  • Prisar frå
    200 NOK
  • Prisinformasjon
    Per person