Opplev Fjorden

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand Dato: Onsdag 13 feb 2019 - torsdag 28 feb 2019 Vis kart

Adresse: Klypeteigen, 5713 Vossestrand

Den UNESCO-lista Nærøyfjorden ligg berre 45 minutt frå Myrkdalen. Opplev fjorden med stupbratte fjell og vakker vinterstemning når få andre gjer det! Pakka inkluderer transport tur/retur Myrkdalen, fjordcruise på Nærøyfjorden og den verdskjende Flåmsbana.

FJORDCRUISE NÆRØYFJORD
Det er ikkje tilfeldig at Nærøyfjorden står på UNESCO si verdsarvliste. Eit fjordcruise gjennom denne smale og vakre fjorden gjev deg eit minne for livet!

FLÅMSBANA
Bli med på verdas vakraste togreise frå Flåm til Myrdal! Flåmsbana byr på det meste: Frå vakkert fjordlandskap nede ved havet til vilt fjellandskap med snødekte toppar. Gjennom kulturmark og historiske tradisjonar heilt tilbake til heidensk tid. Turen tek ca 2 timar tur/retur Flåm.

DETALJERT PROGRAM
Avreise Myrkdalen: Kl. 10.30
Fjordcruise frå Gudvangen til Flåm: Kl. 12.00
Flåmsbana tur/retur: Kl. 14.40
Retur Flåm - Myrkdalen: Kl. 16.30

TILGJENGELEG ONLINE
Pakka kan bookast online onsdagar i veke 7-9
Onsdag 13. februar
Onsdag 20. februar
Onsdag 27. februar

TILGJENGELEG PÅ FØRESPURNAD
Ellers er pakka tilgjengeleg kvar onsdag i januar, februar og mars. Send ein e-post til [email protected] eller kontakt resepsjonen på Myrkdalen Hotel.

Vis mer

Bestill nå

Startdato:
Aktivitet Totalpris